Den sindige Venstre-kvinna la på mange vis grunnlaget for at Anna Elisa Tryti (Ap) kunne køyra saka fram og Gunn-Vivian Eide (V) seinare kunne driva henne gjennom i bystyret. Det er ei sak som har vekt mykje strid. Men strid og ufred er det ein sist tenkjer på når Sidsel Pihl Haugen er tema. Sånn sett er ho ein sjeldan plante i eit parti der intern strid — gjerne på høgt nivå - blir betrakta som eit adelsmerke.

Ho er barnefødd i Larvik. Men etter nærare femti år her vest må ho kunna kalla seg bergensar. Som arkitekt har ho støtt vore intenst oppteken av byplanlegging. Vern av byens sjel var rettesnora. Her skulle ikkje gjerast vald på byens historie. Det nye som skulle koma laut ta omsyn til det som var. Slik tenkte Sidsel Pihl Haugen i sine seksten år i Bergen bystyre, frå 1975 til 1991, og slik tenkte ho då ho i 1986 vart kommunalråd. Det politiske handverket lærte ho i første rekkje av Alf Inge Jansen.

Eit sivilisasjonsprosjekt

Men det var aldri det politiske spelet som opptok Sidsel Pihl Haugen. No var ikkje det så nøye, for Venstre har alltid halde seg med folk som - inntil meisterskap - kunne ta seg av den delen av politikken. Men så viste det seg at ho meistra spelet også, når det trongst. Det viste ho den gongen ho manøvrerte KrF over midtstreken og til ein langvarig koalisjon med Venstre og Arbeidarpartiet. Kaffi på Reimers var det som skulle til - og så litt politisk rettleiing.

Men elles var det sakene ho ville arbeida med. Byutvikling var ei hjartesak, og der kom bybanen inn. For Sidsel Pihl Haugen er bybanen meir enn ei transportløysing - det er eit sivilisasjonsprosjekt. Ein by som Bergen kan ikkje møta morgondagen utan eit framtidsretta kommunikasjonssystem.

Sosialt samvit

Som kommunalråd for administrasjon tok ho fatt i rettane for arbeidstakarar i Bergen kommune. Her fekk ho bruk for sitt sosiale samvit, og særleg eldre arbeidstakarar har nok tidvis sendt ein vennleg tanke til kommunalråden frå Venstre, som så sterkt talte deira sak. Den andre kampsaka var jamstelling mellom kvinner og menn. Der har Sidsel Pihl Haugen vist eit aldri sviktande engasjement.

60-årsdagen hadde ho ikkje tid til å feira, travel som ho då var med å ta hovudfag i etnologi. Kanskje har ho litt betre tid som 70-åring?

<b>KAMPSAKER:</b> Venstrekvinna Sidsel Pihl Haugen kjempa for mange saker, mellom anna ein bybane i Bergen og jamstelling mellom menn og kvinner. FOTO: ODD MEHUS