HANS K. MJELVA

Fleire tusen mista i kveld straumen i Masfjorden og Gulen kommune.

— Straumbrota skuldast lynnedslag i fleire transformatorkioskar. Det var så kraftig at enkelte stader var det òg brann i transformatorane, seier presseansvarleg Juliet Balgobin.

— Vi reknar med at alle skal ha fått tilbake straumen innan midnatt, seier Balgobin. I går ettermiddag vart vel tusen utan straum i området mellom Seim og Romarheimsdalen, det òg etter eit lynnedslag. Då tok det 2,5 timar før dei fekk straumen tilbake.