Eit samla fylkesting i Møre og Romsdal vil ikkje vere med på eit formalisert samarbeid som gjev frå seg suverenitet til eit regionråd for Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Avgjerda i det nordlegaste vestlandsfylket vil etter alle solemerke før eller seinare også bli følgt opp av naboen i sør. Sogn og Fjordane har sett deltaking frå møringane som ein føresetnad for eit forpliktande regionsamarbeid.

— Konsekvensen er at det blir minimalt att av Vestlandsrådet. Eventuelt må vi starte på nytt, seier fylkesordførar Jon Aaasen (Ap) i Møre og Romsdal til Bergens Tidende.

- Ikkje rom for ein region

Målet med Vestlandsrådet, sett saman av fem representantar frå kvar av dei fire vestlandsfylka, har vore å ta over statlege oppgåver. I første omgang har det vore snakk om område som samferdsle, kultur, utdanning, forsking, planlegging og ressursforvaltning. Men møringane seier tvert nei til eit forpliktande samarbeid. Fylkespolitikarane vil ikkje akseptere at Vestlandsrådet får styringsrett, og blir overordna fylkestinga.

— Er det omfattande vestlandssamarbeidet som det har blitt snakka så varmt om i det siste, med dette i praksis lagt dødt?

— Ikkje alt av det. Samarbeidet trur eg ikkje er lagt dødt, det treng vi. Men dei som har sett føre seg vestlandsregionen med eit eige forvaltningsorgan overordna fylkeskommunane, må gløyme det. Eg trur vi må innsjå at så lenge fylkeskommunen eksisterer, så er det heller ikkje plass for eit slikt vestlandsråd.

Indremedisinsk bruk

Vedtaket i fylkestinget i Møre og Romsdal er for ein stor del fatta til indremedisinsk bruk. Eit fleirtalsvedtak om å slutte heilhjarta opp om Vestlandsrådet, ville kunne splitta møringane. I følgje fylkesordføraren er det reelt sett eit fleirtal for å gå inn i Vestlandssamarbeidet.

— Det politiske fleirtalet i fylkestinget valde denne gongen ikkje å bruke makta si. Hadde det skjedd, ville vi fått ein kraftig reaksjon frå nordlegaste delen av fylket. Ordførar- og rådmannsutvalet på Nordmøte har sagt klart frå at dei ønskjer samarbeid mot Trøndelag, seier Aasen.

Fylkesordføraren legg ikkje skjul på at Møre og Romsdal har eit internt problem som går på om dei skal forhalde oss til Bergen eller Trondheim. Aasen definerer Møre og Romsdal som eit fylke med eit klart definert geografisk skilje i Romsdalsfjorden.