Klokka var 06.59 då motorduren trengde seg inn i søvnen. To trøytte journalistar ser på kvarandre frå toppkøyene i firemannslugaren, og registrerer at eitt reportasjeteam allereie har forlate skuta.

Mannskapet førebur tidleg avreise mot Lindåsslusene for å spele på lag med tidevatnet. Motorduren er høg, standhaftig og rister oss brutalt ut av senga. Båtlivet er ikkje noko latmannsliv. Som sommarvikar i Bergens Tidende blir det mange, lange sommardagar— og kvaldar innanfor glasveggene i Krinkelkroken.

Ei veke på «Granvin» skulle sikre sommarkjensla i år. Optimistisk pakka eg solbriller, bikini og solkrem faktor 15, og såg for meg sjøbad og soling på dekk, innimellom reportasjeskriving.

I staden har ulltrøye, regnjakke og sjøstøvlar blitt fast uniform i midten av juli. I draumeland dukka sola endeleg opp. Det var før motorduren innhenta meg, og ute var det like grått.

Men i Kjelstraumen trengde dei første solstrålane gjennom skydekket, og då Kong Olav helsa oss velkomen i Skjerjehamn klokka 14, råda ho himmelen åleine.

— Sjå, draumen din slo til likevel, kommenterer kollegaen min. Så får i alle fall regnjakka kvilt seg nokre timar.

Odd Mehus