Sol og varme har fare fint med bærdyrkarane i Sogn og Hardanger i år. Kjøtmorallene er store og saftige. Blir det ikkje annan rekord, blir det ganske sikkert eksportrekord i år. Seinsorten Lapins og restane av Van frå norske frukthagar kjem i år på den britiske marknaden rett etter at seongen er over i British Colombia, og vil vera åleine i butikkhyllene i dei komande to vekene.

— Vi vil truleg eksportera 45 prosent av dei 300 tonna med morellar vi får hand om, seier Nick Kalkdijk i Bama til Bergens Tidende.

Inspiserar

Kvalitetsmedvitne inspektørar frå det britiske importfirmaet Utopia er på plass. Dei hentar norske moreller til butikkkjedene Marks & Spencers, Tesco og Waitrose. Sistnemnda har førebels berre 180 butikkar, men veks. I Storbritannia blir dei saftige bæra marknadsført som sweet cherries. Nemninga morellar blir i dei fleste land brukt om sure bær.

— Vi har pakka unna og fått på marknaden alle tidlegmorellene, og pakkar no sortane Van og Ulster, dei typiske kjøtmorellene, fortel Øyvind Dagestad, dagleg leiar på fruktlageret til Hardanger Fjordfrukt BA.

— Britane bryr seg ikkje om Ulster. Dei svergar til Van, og til den nye sorten Lapins, som det no vert stadig meir av i Hardanger, seier Dagestad.

Ringelyd

Han styrer ikkje eit gamaldags fruktlager, men ei moderne næringsmiddelbedrift med strenge krav til hygiene.

Når Robert Niemiec ringer med sauebjølla, veit alle at no kjem det moreller frå ein ny fruktbonde. No må det merkast med hans produsentnummer.

Robert tømer bæra kassevis i vaskebadet. Etter bading berer det rett til vêrs, der to jenter frå Nå, Maria Elana Reiseter og Surhannee Elje, står for den første sorteringa. Fremst ved eit av dei store sorteringsborda stå Signe Grøtt frå Herand, omgitt av polske arbeidskameratar.

Flest polakkar

— 85 prosent av dei tilsette er polakkar no i morellsesongen, fortel Dagestad, som gjerne skulle hatt fleire folk i arbeid. I motsetnad til morellane, så veks ikkje dei på tre.

— No i den mest hekriske sesongen skulle eg gjerne hatt mannskap til å bemanna eit skift til, seier han.

Mange av dei norske er skuleelevar på sommarjobb som riggar til fruktkasser i nabohallen.

Til hausten er svenske ungdommar ventande. Nasjonalitetane nokolunde likeleg fordelt på nordmenn, svenskar og polakkar nå transportbanda i den store salen er klare til å ta mot epla. Og tennisballen som markerer byte av leverandørnummer.

Effektivisering

Dei fleste fruktbøndene i Hardanger har gått saman om å reisa Hardanger Fjordfrukt BA sitt anlegg på Utne. Dei leverer til Bama og Coop. Lokale fruktlager rundt om i distriktet er lagt ned, men ein del av leverandørane held framleis Nå Fruktlager i gang. På austida av Sørfjorden er Ullensvang Fruktlager på Lofthus åleine om å levera til ICA/Rimi etter nedlegginga av Hardanger Frukt og Bær på Børve.