PER MARIFJÆREN

TERJE ULVEDAL

Det er ei av fjorårets mest omtalte drapssaker som startar i Fjordane tingrett måndag. På tiltalebenken sit den 42 år gamle mannen som i haust vart pågripen og sikta for drapet på sjukepleiestudenten Anne Slåtten. Mannen hadde frivillig gjeve DNA-prøve nummer 1064 i saka, og om føremiddagen den 7. oktober fekk politiet match. Seinare same dag vart mannen frå nabokommunen sikta for drapet på sjukepleiestudenten.

Ikkje sett ved funnstaden

Påtalemakta, representert ved statsadvokat Jogeir Nogva, skal forsøke å prove at 42-åringen tok kvelartak på og drap Anne Slåtten om morgonen søndag 6. juni, etter at han like før hadde forsøkt å valdta henne. Viktigaste grunnlaget for tiltalen er funn av 42-åringens DNA på offerets lepper og eine bryst. Påtalemakta har stemna inn 22 vitne til rettsaka.

På motsett side skal tiltaltes forsvarar, advokat Ivar Blikra, prøve å så såpass mykje tvil rundt tiltalebeslutninga at tingretten må frikjenne klienten hans. Blikra har i fleire månader vore kritisk til politiarbeidet i saka, særleg fordi ikkje alle DNA-spora frå funnstaden er blitt undersøkt.

Eit heilt sentralt poeng i forsvararens argumentasjon vil bli at ikkje eitt einaste av dei talrike vitna har sett klienten hans i nærleiken av staden der Anne Slåtten vart funnen død.

Tiltalte sjølv var tungt rusa, og har forklart at han ikkje hugsar noko frå natta og morgonen drapet skjedde. Han nektar all straffeskuld. Forsvaret har stemna inn 24 vitne.

Trangt om plassen

Offerets og den tiltaltes næraste familie skal altså følgje saka frå tilhøyrarplass. Bistandsadvokat Rune Tysse har skriftleg varsla om at både mora og kjærasten til Anne Slåtten vil vere på plass frå dag ein, sjølv om dei skal opptre som vitne seinare i saka.

— Eg har orientert retten og begge partane om dette og så langt ikkje fått nokon innvendingar, seier Tysse til Bergens Tidende.

Ved Fjordane tingrett får vi opplyst at berre dei næraste pårørande samt ein del av pressekorpset vil få plass i salen der saka skal foregå. Øvrig presse og publikum vil bli vist til eit tilstøtande rom, der lys og bilde frå rettsalen vil bli direkte overført. Ei rekke skuleklassar har spurt om å få vere til stades, men har fått nei.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, er det frå Anne Slåttens familie mor, far, kjærast og to søstre som skal følgje rettsforhandlingane. Vidare har to personar frå tiltalte sin familie varsla at dei ønskjer å følgje saka frå tilhøyrarplass.

Forsterka rett

Fjordane tingrett vart formelt etablert ved årsskiftet, og får med dette ei av sine viktigaste straffesaker nokonsinne i fanget. Forutan dei nærare femti vitna som skal forklare seg, ventar domstolen storinnrykk av presse og publikum. Så langt har 23 journalistar frå ei lang rekke medium gjeve melding om at dei kjem for å dekke saka.

Sjølve retten er forsterka med ein ekstra fagdommar. Tingrettsdommar Terje Mowatt skal leie forhandlingane, og har med seg dommarkollega Gunnar Torvund frå Bergen tingrett samt tre lekdommarar.

Aktoratet møter med statsadvokat Jogeir Nogva, etterforskingsleiar Dag Øyen frå lensmannskontoret i Førde og politidistriktets jurist på saka, politiadvokat Sissel Kleiven.

Forsvararen, advokat Ivar Blikra, får på si side hjelp frå advokatfullmektig Bjarte Buanes.

I tillegg kjem advokat Rune Tysse, som på vegne av Anne Slåttens etterletne vil krevje inntil 750.000 kroner i oppreising, erstatning og inntektstap.

VASKARVOLLEN: Inne i dette skogkrattet, berre få meter frå den sterkt trafikkerte Angedalsvegen, fann ein tilfeldig forbipasserande Anne Slåtten død meir enn eitt døgn etter at ho var drepen. <br/>ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH