Så langt er 22 personar domfelt og seks er bøtelagt i sakskomplekset. Onsdag var dei to siste og mest alvorlege tiltalebeslutningane klare.

— Eg vil tru at dette er den mest omfattande narkotikasaka i Sogn og Fjordane gjennom tidene, seier statsadvokat Bjørn Soknes til bt.no.

På gata går amfetamin for ein plass omkring 500 kroner grammet, alt etter kvantum. Stoffet som tiltalbeslutningen omfattar, har dermed ein gateverdi i storleik fire millionar kroner.

Erkjenner delvis

Ifølgje Soknes har den hovudtiltalte erkjent straffskuld for deler av tiltalen.

— Han har erkjent befatning med ein del av det kvantumet han er tiltalt for, seier Soknes.

— Kor mykje?

— Det kan eg ikkje seie nøyaktig, men godt under halvparten av dei åtte kiloane. Den tiltalte kvinna erkjenner ikkje straffskuld i det heile.

Politiet bygger narkotiltalen delvis på beslag, dels på andres forklaringar, økonomiske transaksjonar og andre typar funn. I tiltalevedtaket listar statsadvokaten opp delkvantum som tiltalte skal ha kjøpt eller oppbevart i nærare oppgitte tidsrom frå juni 2004 og fram til 8. februar 2006. Da beslagla politiet over eitt kilo av stoffet i 35-åringens bil i Oslo.

I same tidsrom meiner påtalemakta at mann har seld til saman seks kilo amfetamin til ei rekke namngjevne personar, hovudsakleg i Nordfjord og på Sunnmøre.

Dynamitt mot politimann

I tillegg til narkotikabrotsverka er 35-åringen også tiltalt for ei rekke angrep mot huset til ein av dei sentrale politietterforskarane i saka:

  • Om kvelden torsdag 29. desmber 2005: Sette fyr på ein stabel tett ved huset til politibetjenten i Stryn.
  • Klokka 02.20 lørdag 14. januar 2006, saman med ein medtiltalt 31-åring: Plasserte og avfyrte ein Thunder King rakett inne i ein vedstabel tilhøyrande den same politimannen. Kraftig eksplosjon, materielle skader.
  • Sein kveld mandag 23. januar 2006: Fikk den medtiltalte 31-åringen til å avfyre ei dynamittladning rett ved huset til politibetjenten.
  • Klokka 07.00 søndag 12. november 2006: Tente på vedstabel ved politibetjentens hus i Stryn.I tiltalen blir alle desse fire tilfella kopla direkte mot narkosaka, og påtalemakta meiner handlingane var ein direkte gjengjeldelse mot politimannen.

- Fekk hjelp av mor

Ifølgje politiet har tiltalte skaffa stoffet frå eit miljø i Oslo. Ut over dette ønskjer ikkje statsadvokaten å gå nærare inn på korleis 35-åringen har operert.

Tiltalen mot mor hans gjeld inntil tre kilo av stoffet. Ho skal ha bistått sonen med pakking, pengeoverføringar frå salg, overvåking av politifolks bustad og politiets samband, samt leige av bil til å hente stoff i Oslo.

Advokat Jørgen Riple forsvarer den 35 år gamle hovudtiltalte, og seier til bt.no at han er overraska over at Riksadvokaten har godtatt dei prova statsadvokaten no byggjer saka på. - Så får vi overlate til retten å vurdere om det held, seier Riple, som ser fram til rettsaka.

— Vi er usamde om over fem kilo av stoffet. Det er sjeldan det er så stort sprik mellom aktor og forsvarar i narkosaker. Det blir interessant å sjå korleis retten vurderer dette.

Ifølgje Riple erkjenner og orsakar 35-åringen episodane mot politibetjenten.

Rettsaka mot mor, son og medhjelpar er beramma for Fjordane tingrett 25. til 29. februar.