Politiet opplyser at dei to, som er mor og dotter, ikkje skal vere livstruande skadde.

Ulukka skjedde like før klokka ni i ei rundkøyring ved Krokane, like utanfor Florø sentrum. Operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane Politidistrikt opplyser til bt.no at begge bilane var på veg mot Florø. Den eine bilen la seg i ytterste fila, den andre i innerste.

— Dei skulle i same retning. På veg ut av rundkøyringa støytte dei to bilane saman. Bilen dei to kvinnene sat i forsvann ut av vegen og inn i eit skogholt, opplyser Værøy.

Ingen av personane i den andre bilen blei fysisk skadde.

Dei to kvinnene som blei sende til sjukehus er ei mor i 40-åra og dottera hennar i tenåra.