— Alle har det bra. Det var ikkje livstruande skadar, seier vakthavande lege Bodo Günther ved Stord sjukehus.

Mora, ei fem veker gammal baby og ein to år gammal gut blei redda ut av ein brennande bil etter ei dramatisk ulykke på Foldrøy på Bømlo i går. Ulykka skjedde under ei forbikøyring på ei lang rett strekning.

Då ulykkesbilen var på veg til å køyra forbi, svinga bilen som blei forbikøyrd til venstre for å ta av på ein sideveg.

— Ulykkesbilen endra retning, traff ein stein og blei kasta over på taket. Det begynte å brenne, seier operasjonsleiar Trond Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til bt.no søndag.

— Vi veit enno ikkje om det var korrekt bruk av blinklys, legg Friberg til.