Boka «Arve — sonen min» er blitt noko langt meir enn redigerte dagboknotatar frå ei vond tid.

Etter Arve Beheim Karlens død har både mor og son nærast blitt nasjonale symbol. Han som offer, ho som frontkjempar mot vald og rasisme.

No kjem opplevingane, tankane og spørsmåla hennar i bokform - historia om hennar kjære Arve.

Ivareta Arve - Heile tida har det lege voldsomt sterkt på meg at eg skal ivareta Arve sine interesser, også etter at han var død. Voldsomt sterkt, seier Kari Beheim Karlsen.

Neste veke blir boka hennar sleppt på Gyldendal. For Kari er det eit privat vågestykke, men også stor lette å få den ut.

— Det har vore tøfft å skrive, men eg trur det har vore nødvendig for meg, seier ho. - I arbeidet med boka har eg måtta gjenoppleve det som har skjedd, og det har nok også påverka min eigen sorgprosess.

— Kven ønskjer du skal lese denne boka?

— Ungdommar, anten dei kan identifisere seg med Arve eller med dei som mobba. Og sjølvsagt foreldre.

Kari tenker meir på spørsmålet før ho seier:

— Å våge å bry seg, ta vare på kvarandre, likeverd, menneskeverd, rettferd, kven er målgruppa for slikt? Det er jo oss alle.

Spørsmåla

Boka er i tre hovuddeler. Den første etablerer historia om familien, adopsjonen og Arve sin oppvekst i Luster i Sogn og ungdomstida.

Del to er ikkje mindre personleg, konsentrert rundt dødsfallet, korleis familien opplevde å misse Arve på denne måten.

Del tre er etterspelet, inkludert etterforsking og rettsoppgjer.

Alt er fortalt gjennom augene til Kari Beheim Karlsen, vi får ta del i tankane ho har gjort seg midt oppe i alt det tragiske, miningslause og kaotiske. Kari ropar ut spørsmåla etterkvart som dei dukkar opp:

Var det for provoserande at Arve ikkje gøymde seg, ikkje kraup for mobbarane, ikkje synte sin redsel? Var det difor Arve hamna i elva? (s. 50)

Kari fortel om ein kvardag som dei tre siste åra har snudd seg til ei blanding av sakn, skuldkjensle, hat, redsle, brotne illusjonar og tap av verdiar ho trudde på.

Aldri, aldri igjen Dette siste mykje på grunn av måten politi, påtalemakt og rettsvesen har handsama saka på. Kari føler at både Arve og dei pårørande har blitt svikta av rettsystemet. Dei har måtta kjempe for å få saka etterforska skikkeleg, dei opplever at gjerningsmennene har hatt betre rettsvern enn offeret.

— Eg trudde at ei rettsak var for å få sanninga fram. Eg trudde at Arve ville bli ivaretatt som offer. Eg tok feil, var altfor naiv, seier Kari.

I førre veke kom det nok ein gong melding om at etterforskinga i saka skal takast opp igjen. Nok ein gong etter at familiens bistandsadvokat hadde tatt initiativ overfor påtalemakta. Det kan ende med ei ny drapsetterforsking.

— Eg vart svært positivt overraska, og det er lenge sidan eg har hatt så store forhåpningar, seier Kari Beheim Karlsen. - Det finst personar som går rundt og veit, og som ikkje vitna i rettsaka. Eg har heile tida vore sikker på at sanninga om det som skjedde med Arve vil komme fram, før eller seinare.

Samtidig som dei tre siste åra har vore dei vondaste i livet, har Kari opplevd og vore med på svært mykje.

— I denne tida har eg også fått til ting eg ikkje trudde var mogeleg.

— Kva er det du vil oppnå?

— Det er heilt klart: At noko slikt aldri må skje igjen.

VED KJØKKENBORDET: Her har Kari Beheim Karlsen skrive dagbok etter at Arve døydde, ei dagbok som vart utgangspunktet for boka «Arve – sonen min».