Politiet fekk melding om ulukka like ved Rosendal sentrum klokka 14.43 i ettermiddag. Den 18 år gamle kvinnelege mopedføraren kolliderte då ein bubil skulle passere ho.

— Ho vart sendt med luftambulanse til Haukeland Universitetssjukehus etter det som sannsynlegvis er brot i ryggen, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnor ved Hordaland politidistrikt.

Politiet held på med undersøkingar etter ulukka, men førebels mistenkjer dei ikkje føraren av bubilen for å ha gjort noko gale.

— Ulukka er sannsynlegvis skjedd i samband med at bubilen passerte mopeden, då mopeden køyrde til venstre inn i bubilen. Det framstår ikkje at føraren av bubilen har gjort seg skuldig i førarkortbeslag.