— Mødre, søstre, forloveder, koner. Alle har dei grått sine modige tårer over mennene dei mista. Men dei har ikkje hatt nokon stad å gråte, seier 79-åringen Ragnvald Hommen.

Leiaren i Bergen og omegn Krigsseilerforening kjempar for at dei gjenlevande skal få nettopp ein slik stad på Shetlands-Larsens brygge ved Torget.

Her, berre her, skal det nye monumentet over 519 bergenske krigsseglarar som omkom i den andre verdskrigen, stå. Hvis veteranen får det som han vil.

Vil samla fleire minnesmerke

Vi står på Shetlands-Larsens brygge i desembermørket, ein folketom søndagsettermiddag. Ytterst på utstikkaren står krigshelten frå Fyllingsdalen på sokkel: Einsam, speidande utover den mørke fjorden.

Krigsseglar Hommens ønske er at Knut Steens statue skal få selskap av andre minnesmerke. Derfor vil han også flytte Minebøssen, reist til minne om sjøfolk som fall under den første verdskrigen, frå Torget og hit.

— Vi må binde historia saman. Eg har ikkje tru på å plassere eit minnesmerke her og eit der. Shetlands-Larsen står litt einsam her, og statuen fortel lite om det som skjedde, meiner Hommen.

Ikkje minst er det viktig at minnesmerket blir reist der folk flest ferdast: - Her er det sentralt og lett tilgjengeleg, ikkje minst for eldre og folk i rullestol

Fleirtalet vil ha Nordnesparken

Veteranen representerer sju maritime organisasjonar i arbeidsgruppa, som har vurdert ulike plasseringsalternativ for minnesmerket. I denne gruppa tilhøyrer Hommen mindretalet. Det kommunale fleirtalet held på Nordnes-parken, eventuelt som kompromiss Bradbenken eller grøntområdet ved inngangsportalen til Bergenhus.

Kunstnerisk konsulent i arbeidsgruppa, John Audun Hauge, går for Nordnesparken, og meiner Shetlands-Larsens brygge er ein dårleg idé.

— Dette er eit minnesmerke over våre døde. Ei plassering med Zacharias-bryggen, restauranter og uteliv som nærmaste nabo, er ikkje eigna for eit slikt monument, meiner han.

— I Nordnesparken kan minnesmerket bindast til sjøen frå tre kantar, og det er unikt. Der vil vi dessutan ha langt friare tøyler kunstnerisk. Dette kan bli ein stad og eit minnesmerke å oppsøke aktivt.

Inga tid å miste

Men Hommen er urokkeleg:

— Nordnes er altfor langt borte, monumentet blir gøymt bort. Det må stå der folk flest ser det. Å plassere minnesmerket på ein brukskai som Bradbenken kan eg heller ikkje i min villaste fantasi sjå for meg.

Homme representerer hundre medlemmar i Bergen og omegn Krigsseilerforening, Bergens Skipperforening, Sjømilitære Samfund, Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffisersforbund, Bergens Maskinistforbund og Maritime Bergen.

— Vi har ikkje mykje tid, vi tel dagar. Dei fleste gjenlevande er langt over åtti år. Innan 8. mai neste år må monumentet stå her. Det skal opp.

Saka skal til politisk behandling i Bergenhus bydel tysdag.

STRID OM KRIGSMONUMENT: Her på Shetlands-Larsens brygge vil krigsseglar Ragnvald Hommen (t.h) reisa det nye monumentet. Men kunstnerisk konsulent John Audun Hauge vil plassera minnesmerket i Nordnesparken.
Foto: Erik Brekke