Havbåra let seg ikkje merke med svære steinrøyser, falleferdige brakker og knust glas som ligg strøydd utover berget. Ho slår og slår, slik ho alltid har gjort.

Skrikande måsar sirklar som gribbar over ruinane av bølgjekraftdraumen vest i Øygarden. Men her er ingenting å hente. Alt er forlatt på Toftestallen, no er det berre spøkelsesstemning igjen.

På 80-talet var derimot bølgjene her ute eit symbol for høgteknologisk energiproduksjon for eit nytt tusenår. Heile verda skulle vende blikket hit, mot den vestnorske skjergarden ytst i havgapet.

Look to Norway!

Pionerlandet skulle omdanne bølgjene til lys og varme, og vise verda vegen til nye, alternative energikjelder. Til og med FNs miljøvernkommisjon — med Gro i spissen - tok turen ut hit for å sjå framtida i kvitauga.

Men 20 år seinare er det berre rust, knust betong, morkne bygningar og øydelagd maskinutstyr igjen av framtidslaboratoriet. Ingen vil betale for å rydde opp.

— Eit trist kapittel, innrømmer ordførar i Øygarden, Olav Martin Vik, til BT.

Storm og skandalar

Det har slått mange bølgjer mot berget her ute sidan olje- og energiminister Kåre Kristiansen opna dei to bølgjekraftverka i november 1985. Dei første prøveanlegga i verda i aktiv drift vekte internasjonal oppsikt. Tre år seiare feide stormen det eine anlegget på havet.

Ikkje alle var leie seg for det. Grunneigarar varsla at dei ville kjempe med nebb og klør mot gjenoppbygging på grunn av uling og støy frå kraftverket.

Prøveanlegga hadde ikkje klart å produsere verken mykje lys eller mykje varme dei første åra. Det eine klarte ikkje ein gong å dekke det årlege forbruket til eit vanleg bustadhus, skreiv BT i 1989 i artikkelen «Suksessen slår sprekker».

Året etter gjekk det eine selskapet, Norwave Technology, dundrande konkurs. Snart følgde avisoppslag om økonomisk kriminalitet, politietterforsking og tvilsame statlege løyvingar. Anlegget har ikkje vore i drift sidan 1991.

- Trist kapittel

Med jamne mellomrom har vekselvis gjenopning og opprydding stått på dagsorden. Ingenting har skjedd.

— Alle er samde om at det ikkje ser bra ut. Vi vil ikkje at det skal sjå slik ut i naturen vår, og må prøve å gjere noko med det, seier ordførar Vik til BT.

Han understrekar likevel at dette første og fremst er ei sak mellom grunneigarar og utbyggjarar.

— Kommunen må meir spele rolla som tilretteleggjar, seier Vik til BT.

— Øygarden kommune vil med andre ord ikkje betale?

— Ikkje i utgangspunktet, nei. Då må vi ta pengar frå andre føremål i kommunane, og det går rett og slett ikkje an. Iallfall ikkje før vi veit prisen, svarar Vik.

— Går det 20 år til utan at noko skjer?

— Nei, det trur eg ikkje. Kommunen er innstilt på å kome fram til noko, og eg kjem til å ta initiativ til samtalar med grunneigarane til hausen. Planen er at industriområdet skal førast tilbake til natur- og friluftsområde, seier ordføraren.