Kjempetransporten på fylkesveg 7 i Samnanger starta like før midnatt natt til tysdag. Rundt 150 personar møtte opp for å sjå den enorme traileren køyre ut på vegen.

Klokka 14 mandag køyrde dei giganten i land frå skipet Elektron 2. Og opp på den nybygde kaia ved Bjørkheim i Samnanger kommune.

Strippa ned

Trekkvognen er en Mercedes 4460, spesialbygget for slik transport. Den har 610 hestekrefter til å dra slepet. Ei tilsvarande Mercedes er kopla til bak.

Vogntoget har 32 akslingar. Det er lasta med ein transformator på 228 tonn. Transformatoren er strippa maksimalt ned for at transporten i det heile skal kunne gjennomførast. Heile transporten er 340 tonn tung.

75 meter er langt. Veldig langt. Eit normalt vogntog er på mellom 18 meter og 20 meter. Til samanlikning er Rådhuset i Bergen 51,2 meter høgt.

Ti kronglete kilometer

KRITISK: Her er transporten på det kritiske punktet.
PÅL ENGESÆTER
1N2A9601.JPG
1N2A9677.JPG
1N2A9664.JPG

Transporten går frå kaia i Bjørkheim til den nybygde kraftstasjonen i Børdalen. Ei strekning på om lag 10 kilometer. (Sjå kartet)Dei manøvrerte gjennom tre tunnelar, Haukanestunnelen (635 meter), Hagaåstunnelen (1641 meter) og Liarosrtunnelen (563 meter).

Vogntoget rulla som eit tusenbein på hjul gjennom natta. Etter 40 minuttar var ein framme ved Frøland bru.

Der blei det stopp på ein og ein halv time. For å setje fleire hjul under transformatoren, slik at vekta blei betre fordelt.

Over brua lyt ekstrahjula takast av igjen.

— Det går jo knirkefritt. De er skikkeleg flinke fagfolk, seier prosjektleiar Eli Dimmen til bt.no klokka 02.15.

Vogntoget snirklar seg oppover bakkane mot Mørkhølen. Regnet øsar ned og blålysa frå politibilen flerrar gjennom nattemørkret.

Klokka 03.30 køyrer dei over den siste brua og inn på Samnanger kraftstasjon. Den bakre trekkvogna er kopla av. Transformatoren svevar i lufta over elva.

— Det var den siste brua eg var mest redd for. No er eg letta og trøytt, seier Eli Dimmen.

I ettermiddag skal transformatoren skyvast inn på plass.

Kraft frå monstermaster

BKK har det siste halvåret bygd eit kraftsenter i Børdalen i Samnanger.

Den nye transformatorstasjonen er den første stasjonen til BKK som kan transformere 420 kilovolt. Den blir eit knutepunkt for straumforsyninga på Vestlandet. Stasjonen vert mellom anna utvida for å kunna ta imot Statnett si omdiskuterte kraftline frå Simadalen til Samnanger.

I september kjem ein ny monstertransport same vegen. Det er ein reaktor med ei totalvekt på om lag 250 tonn.

Du kan lesa meir om kraftstasjonen og prosjektet her.

RULLER: Kva er det som er 75 meter langt og køyrer på fylkesvegen?
JO HJELLE
HER KØYRDE DEI: Vogntoget kom i land på den nye kaia på Bjørkheim. Det skal køyra tranformatoren opp i Børdalen, like ved Mørkhølen på vegen opp til Kvamskogen.
Google maps
VENTER: Mandag kveld venta den gigantiske transporten på klarsignal til å køyra ut på fylkesvegen.
PÅL ENGESÆTER
MILLIONSMIL: Prosjektleiar Eli Dimmen i BKK var letta og glad i natt. Transporten, som kosta mellom 2,5 og 3 millionar kroner, gjekk knirkefritt.
Jo Hjelle