Verksemda omfatta all slags transport med konsesjon for varetransport på strekninga Salhus-Mjølkeråen-Bergen. Denne strekninga vart køyrd dagleg. Firmaet hadde all varetransporten for Salhus Væverier og Salhus Tricotagefabrik.

Firmaet hadde på det meste 7 bilar samstundes. Matre hadde først konsesjon for godskøyring Salhus-Bergen. Seinare spurde Åsane Billag om dei kunne ta over deira godskonsesjon for Åsane, då ÅB ikkje tente på dette. Matre køyrde då Bergen — - Tertnes – Morvik-Mjølkeråen og Bergen – Vågsbotn – Hylkje - Mjølkeråen. I tillegg til dei faste godsrutene hadde firmaet transportkøyring på oppdrag og sjukekøyring.

Firmaet slutta med godsruter ca 1975, men fortsette med å køyre for Flatøy Industrier (Frank Mohn). Dette hadde firmaet starta med før dei selde godsrutene til Arthur Matre. Monrad Matre Transportforretning vart nedlagd kring 1985.