Rett nok med talefeil. Men det såg dei stort på, dei som var med, då byrådsleiaren på klingande arendalsdialekt gav til kjenne at Bergen vil delta i arbeidet med å fremja Tverrsambandet.

Monica Mæland nytta og høvet til å få fram Bergen si interesse av ny innsegling forbi Det Naue, rett over der tunnelen er påtenkt. Då må nokre fluer sprengjast vekk.

Grunnlaget for dei godt samarbeid om saka vart lagt då Monica Mæland for over kartet og fortalde at farmor var frå Hjelme og farfar frå Holsnøy (Meland).

På mange måtar vert Tverrsambandet dermed vegen attende til røtene for Bergens førstedame.

Radværing og

– Då har du litt radværing i deg og. Tidlegare Hjelme kommune var under Manger i gamle dagar, opplyste Radøy-ordførar Jon Askeland.

Turen ut i Skjelangersundet var ein del av programmet for ein dagstur ut frå Bergen rådhus til Nordhordland. Ein god del av føremiddagen var avsett til synfaring i farvatnet mellom Holsnøy og Herdla. Båtførar og guide var Kjell Kristensen frå Herdla. Bedriftsleiaren og utbyggjaren har drive fram visjonen om vegtunnel mellom Askøy og Nordhordland.

Tvinga om Bergen

Føremålet er å knyta saman Nordhordland, Askøy og Øygarden nærare saman til ein integrert arbeidsmarknad. Regionen tel alt i dag store arbeidsplassar som Mongstad, Sture-anlegget og Kollsnes. Industriselskapet Framo er og tungt inne på fleire stader.

Samstundes er det slik at trafikk innanfor denne regionen er tvinga til å køyra via Bergen, der vegsystemet nærmar seg tolegrensa. Leiaren for regionrådet i Nordhordland, Masfjord-ordførar Håkon Matre, opplyser at nesten 20 prosent av trafikken på Nordhordlandsbrua skal gjennom Bergen mot øykommunane i vest.

Det er nesten 3000 bilar for dagen.

Vedtak om vegselskap

– Det er klårt at Bergen har interesse av å få mest mogleg trafikk utanom bykjernen. Samstundes er vi også interesserte i utvikling av nye næringsareal i kommunane nord for oss, seier Monica Mæland.

Før sommaren gjer Askøy kommunestyre formelt vedtak om å oppretta eit interkommunalt selskap som skal arbeida for å fremja Tverrsambandet. Fyrste oppgåva vert å få utarbeidd eit forprosjekt som går nærare inn på mogleg trasé, kostnader og, ikkje minst, behovet for eit tverrsamband.

Mæland på gli?

Ei ny innsegling til Bergen gjennom Skjelangersundet er kanskje vel så realistisk som tunnelen under botnen same staden. Meland kommune har så langt sagt nei av omsyn til miljø og tryggleik i det tronge farvatnet. Ei ny innsegling er fyrst og fremst påtenkt for cruiseskip som er så store at dei ikkje kjem under Askøybrua.

– Det vi er redde for, er først og fremst avvisningsverknaden det kan ha at slike store skip ikkje kan gå inn til Bergen. Dei reiarlaga som vert råka kan koma til å stryka Bergen også for skip som kjem under brua. Psykologien spelar ei stor rolle her, seier Monica Mæland.

Meland-ordførar Nils Marton Aadland seier til BT at dei no har fått ein god del tilleggsinformasjon Kystdirektoratet og Bergen og omland havnevesen som dei vurderer nøye. Det går m.a. på nøye overvaking av seglingsleia frå sentralen på Fedje og god merking av leia.

VISJONAR: Kjell Kristensen, t.v., peikar på kartet og orienterer om planar for tunnel under og utsprengt seglinglei på overflata i Skjelangersundet. Dei som høyrer på er ordførar Jon Askeland i Radøy, ordførar Håkon Matre i Masfjorden, ordførar Nils Marton Aadland i Meland og byrådsleiar Monica Mæland.
Jan M. Lillebø