Solund var kommune Frp trudde dei skulle sikre seg sin første ordførar i Sogn og Fjordane. John Kåre Larsen har vore varaordførar siste fire åra, men misser no dette vervet. Frp står dermed att utan eit einaste ordførar— eller varaordførarverv i kommunane i Sogn og Fjordane.

I Naustdal er det klart for ordførarskifte. Jan Herstad (Sp) må overlate klubba til Håkon Myrvang (Ap). I Luster blir det attval på Torodd Urnes (KrF).