Det er avisa Hordaland som i dag fortel historia om Mona Nordaas.

Utvalet for levekår på Voss har samrøystes gjeve Mona Nordaas sjenkeløyve til Evangerista kunst og kulturhus på Evanger.

Men politiet og Voss kommune fann ho uskikka til å servera mat i lokalet, fordi ho er bøtelagt for å ha demonstrert mot kraftmastene i Hardanger.

— Kva du byr?

Men politiet og Voss kommune fann ho uskikka til å servera mat i lokalet, fordi ho er bøtelagt for å ha demonstrert mot kraftmastene i Hardanger.

— Kva du byr? spør Mona Nordaas bt.no - Kva i alle dagar er det politiet trur eg, gamle bestemora, kan finna på med matserveringa i lokalet.

Den nyopna serveringsstaden har plass til om lag 40 menneske. I tillegg har den fire rom til utleige.

Politiet vil nekta ho serveringsløyve fordi ho vart bøtelagt saman med fleire andre aksjonerte mot Hardangermastene på Rong i fjor. Mona Nordaas fekk, til liks med dei andre demonstrantane, eit førelegg på 10.000 kroner.

- Kva i alle dagar er det politiet trur eg, gamle bestemora, kan finna på med matserveringa i lokalet.

Politikarar mot politiet

Saka vart drøfta på eit utvalsmøte i Voss kommune tysdag. Administrasjonen hadde innstilt på å avslå søknaden om serveringsløyve fordi politiet hadde frårådd det.

Utvalet gjekk samrøystes mot politiet si tilråding og går inn for å gje Evangerista serveringsløyve. Alt tyder difor på at Mona Nordaas no får serveringsløyvet.

- Alvorleg sak

På Voss lensmannskontor viser dei til at det berre er lensmann Ivar Hellene, som kan kommentera saka. Lensmannen er på reise.

avisa Hordaland, spurde han om politiet verkeleg meinte ein bøtelagt demonstrant var ueigna til å servera mat? svarte lensmannen:

«- Dersom søkjaren ikkje har følgje pålegg som vart gjeve av politiet på staden er det ei alvorleg sak. Då kan me heller ikkje vera trygge på at vedkomande vil etterkoma pålegg me gjev i lokalet det vert søkt løyve om.»

Kva meiner du om politiet si vurdering?

MONA SOM DEMONSTRANT: Biltet er tatt på Rong demonstrasjonsdagen i fjor. På hodet har Mona en T-skjorte dandert av Agnes Btffn. Den er er en del av Btffins TST, t-shirt-transformation prosjekt.
Agnes Btffn