Mannen vart i Voss heradsrett 24. august i fjor dømt til fengsel i ni år for drapet. Han vart også dømt til å betala dei etterlatne 1,5 millionar kroner i erstatning og oppreising.

Medvitslaus

Retten let tvil hjå psykiatrisk sakkunnige koma tiltalte til gode, og la til grunn at han var medvitslaus på gjerningstidspunktet. Men retten kom til at han sjølv hadde sett seg i denne situasjonen ved sjølvskulda rus.

Forsvararen, advokat Jostein Alvheim, meinte at søvnløyse i fleire døger var vel så viktig grunn, og at folk må kunne ta dei medisinane (valiumdosar) som legane føreskriv, utan å koma i straffeansvar.

Den sakgjevne har no sparka Alvheim som forsvarar, og stiller med advokat Odd A. Drevland i lagmannsretten.

Kravde 3,3 millionar

Det er lite truleg at forsvararen vil hevda at politiet har teke feil mann. Alt tyder på at omstenda rundt medvitsløysa og medisinbruken, og eventuell straffeutmåling, vil bli hovudtema også i lagmannsretten.

Statsadvokat Randi Gabrielsen er aktor i saka. Ho la i heradsretten ned påstand om 15 års fengsel, men retten landa på ni.

Advokat Turid Mæland er bistandsadvokat for Kari Aalvik sine etterlatne. Sonen var knapt ti år då han opplevde dramatikken på nært hald, medan faren hans høyrde deler av det over mobiltelefon. Advokat Mæland reiste krav om 3,3 millionar kroner i erstatning og oppreising, medan heradsretten utmålte 1,5 millionar kroner.

ÅSTADEN FOR MØLSTERDRAPET: Åstaden for drapet på Kari Aalvik. Det fatale knivstikket skal ha skjedd inne i ein bil parkert på grusvegen der han er dekka med nederste (næraste) fliken av den kvite plastduken. Offeret vart funne døande på grasbakken som er dekka av den kvite og ein mørkare plastduk attmed inngangen til bunkersen frå krigens dagar. FOTO: ARNE HOFSETH