Men paradoksalt nok kan for mykje vind skape vanskar når arbeidet med å reise vindmøllene held fram dei neste dagane. Dersom vinden kjem over 12 meter i sekundet, må monteringsarbeidet stoppast.

— Går alt knirkefritt, skal arbeidet vere ferdig om ti dagar. Men vi er veldig veravhengige. Det kan nok bli forseinkingar, trur sivilingeniør Ragnar Hagen i Måløy. Han har vore sentral i prosjektfasen fram til monteringa som starta denne veka.

76 meter høge

Det er store dimensjonar over vindmøllene som dei neste par vekene skal reise seg på Mehuken ved Raudeberg i Vågsøy. Kvar mølle skal vere 76 meter høge frå bakken til øvste vengespissen. Diameteren på rotorblada er 52 meter.

Det er det danske selskapet Vestas Scandinavia Wind Technology som leverer møllene.

— Når møllene er sette opp, ventar ein periode med prøvekøyring. Kraft frå vindmølleparken vil neppe vere på nettet før i november, seier Hagen.

700 husstandar

Det er selskapet Kvalheim Kraft som står for utbygginga på Mehuken. Kvalheim Kraft er eigd av Buskerud Fylkeskraftlag og Østfoldkraft.

Vindkraftverket vil i eit normalår produsere kring 15 GWh. Dette tilsvarer straumforbruket i bortimot 700 norske einebustadar. Kostnaden med å produsere krafta er kalkulert til 26,5 øre.