— Dette er eit svik mot veljarane. Ap og Frp talar med to tunger, tordna Kjell Einar Nilsen (Demokratane), og spådde nedgang i folketalet til 6000 dei neste fire åra.

LO-leiar Nils Johan Ystanes var heller ikkje særleg blid på Ap-ordførar Toralv Mikkelsen.

— No kunne han ha votert over saka. Fleirtalet ville ha bøygd seg for folkerøystinga, og trekt søknaden om plass på UNESCO si verdsarvliste, seier han til Bergens Tidende.

Innfløkt

Fleire lokalpolitikarar vedgår at dei ville ha bøygt seg for folkeviljen, og røysta mot si eiga overtyding ved ei votering i går. Dei er letta over at dei slapp.

Dei ivrigaste ja-folka ser no ein god sjanse for at det nye kommunestyret vil la UNESCO-søknaden bli ståande.

Ordføraren sa til Bergens Tidende nyleg at han ville føra saka opp til votering. Men så dukka det opp to skjer i sjøen.

For det første er det protokollert at folket sitt råd skal brukast til å velja mellom to alternative reguleringsplanar. Dei er ikkje ferdige enno.

For det andre har Hordaland fylkeskommune fremja motsegn, og samstundes presisert at søknaden om UNESCO-status er fremja av kommunen og fylkeskommunen i fellesskap. Underforstått: Odda kommune kan ikkje trekkja søknaden attende utan at fylkeskommunen har eit ord med i laget.

At fylkeskommunen ikkje ser ut til å ville fylja rådet frå folkerøystinga i Odda, fall Kjell Einar Nilsen tungt for brystet, særleg Ap og Frp si røystegjeving i fylkesutvalet.

Feil spørsmål

Mange folkevalde i Odda meiner no at UNESCO-saka ikkje eigna seg for folkerøysting. Nei-folka ville ha folket sitt nei til freding av smelteverkstomta, men ja-folket meinte at det var å føra folket bak lyset. Eit slikt nei ville, etter deira meining, også bety nei til UNESCO, og fekk fleirtal for dette voteringstemaet.

— De stilte folket eit ultimatum, og fekk kontant svar, hevda Sigmund Rekkedal Frp.

No har folket eigentleg også sagt nei til UNESCO-status for kraftstasjonen i Tyssedal og trallebanen i Skjeggedal.

Kamphanane er fykande usamde om UNESCO-status vil gje auka folketal i Odda.

Etterlyser plan B

— No har de sagt nei til millionar av kroner som Staten ville ha ytt til eit UNESCO-prosjekt. Kva er plan B? vil Terje Kolbotn vita, og proklamerer at ikkje eitt øre skal betalast av kommunekassa.

— Pengar ramlar ikkje inn frå UNESCO, seier Nils Petter Freim (H), og bruker Røros-ordføraren som sanningsvitne.

Nei-folket meiner det er minst like mykje pengar å henta frå private næringsdrivande som vil etablera seg på området.

— Blir det gjort vedtak om freding, må staten ta det økonomiske ansvaret. Kommunen har nok med sine primæroppgåver, seier ordførarkandidat Gard Folkvord, Ap.

Lars O. Seim forlet no kommunepolitikken med tungt hjarte.

— Smelterverket har splitta Oddasamfunnet og splitta kommunestyret. Det er leit å ha ei slik sak hengande over seg inn i ein ny periode, seier han.

Men ordførar Toralv Mikkelsen melder overgang til fylkespolitikken litt lettare til sinns.

— Tyssedøler, oddingar og røldøler har ein eigen evne til å samla seg, er hans trøyst.

FLEIRE TØFFE TAK: Den nye ordføraren i Odda må ta med seg den ørkeslause Smelteverksaka inn i enda ein valperiode, om det blir nei-mannen Gard Folkvord ( Ap) (nærast) eller ja-mannen Inge Børslien ( V) (til venstre).