Hol i eit rør mellom to gjødsellager er truleg årsaka til at møka rann ut. Bruket der utsleppet skjedde ligg på Sandneset mellom Ålhus og Årdal i Jølster.

Møkka gjorde vegbana svært glatt, og Statens vegvesen måtte på staden både for å dirigere trafikken og gjere vegbana rein. I tillegg blei det sett opp skilt for å varsle bilførarane.

70.000 liter

Landbrukssjef Svein Arne Vågane i Jølster kommune seier til bt.no at kring 70.000 liter truleg rann ut av gjødsellagera. Mykje av dette hamna i Jølstravatnet, ikkje minst fordi vegvesenet brukte vatn for å få reinska opp i vegbana.

— Gardbrukaren hadde to gjødselkjellarar, ein under den gamle driftsbygningen og eit nytt lager nærare vegen. Mellom desse går det eit rør. Truleg har det gått hol på dette rører, seier Vågane.

Landbrukssjefen seier alt tyder på at møka rann ut som følgje av eit uhell.

— Vil det likevel bli eit etterspel av denne episoden?

— Det er for tidleg å seie noko om. Eg vil no lage ein rapport, og denne vil bli oversend lensmannen i Jølster, seier Vågane.