Sverre A. Christensen har studert Hydro-konsernet over fleire år, og arbeider blant anna med bedrifters samfunnsansvar, internasjonal økonomi og nærringslivshistorie som spesialområde.

Han meiner dagens Hydro febrilsk prøver å komme fri frå den underforståtte, uuttalte kontrakten som vore mellom den norske staten og konsernet Norsk Hydro.

Ein hemsko for konsernet

— Under Eivind Reiten har Hydro blitt så opphengt i det såkalla shareholders v a lue -prinsippet - altså einsidig fokus på aksjonærane si inntening - at det faktisk har blitt ein hemsko for konsernet, seier forskaren til Bergens Tidende.

Christensen, som er ein av fire forfattarar av boka «Kapitalistisk demokrati?» i Makt- og demokratiutgreiinga, peikar på at halvoffentlege aksjeselskap og såkalla selektiv proteksjonisme ikkje er noko særsyn internasjonalt.

— Alle land driv slik. Dei gjev sine store selskap gode vilkår heile vegen, og legg ut hindringar for at nokon utanfrå skal kunne overta kontrollen i selskapa. Det er heilt normalt å drive slik, anten selskapet heiter Ericsson eller Siemens, seier Christensen.

— På same måte har Norsk Hydro gjennom heile si historie fått gode vilkår, på nær sagt alle område, frå staten. Det har vore underforstått at Hydro ut frå dette skal ta nasjonale omsyn.

Slik nasjonal kontroll over næringslivet har vore det normale i alle land som har hatt sterk økonomisk vekst, påpeikar han.

Brot på forholdet

Men under generaldirektør Eivind Reiten har det skjedd ei endring i Hydro, meiner Christensen. Når Hydro ikkje vil gjennomføre lønsam industriutbygging i Norge, så rokkar dette ved det tradisjonelle forholdet mellom Hydro og staten.

— Dette er i strid med det underforståtte som alltid har lege der. Føresett at konsernet meiner ei modernisering i Høyanger er lønsam, men likevel seier nei, så er dette eit klart brot - fordi selskapet tradisjonelt har tatt slike omsyn, seier forskaren.

Han forklarer dette med at leiinga i dagens Hydro sterkt mislikar å vere delvis offentleg eigd. Når dei ikkje klarer å kvitte seg med staten som storaksjonær, så vil dei i alle fall vise omverda at selskapet slett ikkje er bunde opp nasjonalt, altså vise at Hydro ikkje styrer etter andre omsyn enn maksimal avkastning for aksjonærane.

I boka «Kapitalistisk demokrati?» skriv Christensen at all historisk erfaring viser at det er avgjerande å sikre nasjonal forankring i nøkkelbedrifter.

Han meiner det ideologiske skiljet i Hydro går mellom Eivind Reiten og tidlegare generaldirektør Egil Myklebust.

Ublide investor-auge

— Vi har no eit Hydro som er livredd for at marknaden skal oppfatte dei som eit delvis offentleg styrt selskap, seier Christensen.

— Dermed vil dei prøve å vise at dei primære omsyna i kvar ein samanheng er dei finansielle. Dette kan avgjort bli ein hemsko for selskapet, meiner han.

Dette forholdet kan altså ifølgje Christensen forklare kvifor Hydro vegrar seg for å gå inn i presumptivt lønsame moderniseringar i Høyanger og Årdal.

Men ifølgje Christensen kan Hydro ha feilrekna stygt på dette punktet.

For det slett ikkje gitt at tunge investorar kan like at Hydro underminerer si nasjonale rolle. Den har trass alt gitt god avkastning over ei lang årrekkje, og lagt grunnlaget for Hydro sin kompetanse og utanlandsinvesteringar i dag.

— Difor er det ikkje sikkert at seriøse investorar ser med blide auge på at Hydro gjer seg upopulære på heimebane, seier han.

Fagforenings-rapporten

Høyanger, som allereie er eit svært lite aluminiumsverk, må etter krav frå SFT snart stenge den eine av dagens to elektrolysehallar.

I dag legg fagforeiningane fram ein felles rapport utarbeidd av selskapet De Facto, som skal imøtegå dei analysane av Høyanger som Asplan har gjort for Hydro.

De Facto meiner konsekvensane ved ei nedlegging i Høyanger vil bli meir dramatiske, og at nedlegging eller modernisering er dei einaste reelle alternativa for industribygda.

Rapporten viser også til at Hydro har henta ut overskot i milliardklassen frå Høyanger Verk sidan dei overtok frå ÅSV i 1986, og at ei modernisering vil bli svært lønsam.

Den vil, ifølgje rapporten, gje Hydro eit årleg overskot etter skatt på mellom 250 og 400 millionar kroner ut frå dagens føresetnader.

Dette overgår Hydros eige krav om ti prosent avkastning med god margin.

LEGGES NED: C-hallen i HØYANGER vert ikkje modernisert, har Hydro bestemt. Men fagforeningane og analyseselskapet selskapet De Facto meiner at ein modernisering hadde vore ei lønnsam investering.<p/> ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH