Politiet på Stord rykka ut klokka tre i natt til sundag, då dei fekk melding om ein bil som hadde rygga utfor vegen.

Dermed vart ei 45 år gammal dame avslørt som promillekøyrar.

Ingen skal ha kome til skade då ho rygga av vegen.

Tatt i Vågsøy

Grytidleg i dag tidleg stoppa politiet ein kar utanfor Måløy i Vågsøy kommune. Klokka var 04.30 då mannen måtte avlegga blodprøve.

Rusa femtiåring i Gloppen

Lørdagsmorgonen på riksveg 615 ved Sandane. Ein politipatrulje stoppar klokka 09.15 ein kar i femtiåra.. Det ender med at han må levera frå seg blod han og.

HALLAIEN!
ILLUSTRASJON: SVEN TVEIT