Helse Førde ber folk som treng kontakt med AMK (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) om å sende SMS til telefonnummer 415 30 545.

Mobilnettet er ute av drift i store deler av landet. På grunn av dette kan det vera vanskeleg å nå fram til alarmnummeret 113.

Ein kan også nytta e-post til adressa amk.forde@helse-forde.no, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov i meldinga.

— Det skal vere mogleg å ringa 113 frå fasttelefon, men vi er ikkje heilt sikre. Difor er det greitt at folk er klar over telefonnummeret som vi opplyser om på denne sida, seier Sægrov.

Helse Førde oppmodar kommunane om at legevaktlegane er tilgjengelege på helseradionettet.

Helseføretaket oppmodar folk til å følgja med på denne nettsida for oppdatert informasjon.