— Fuglane reagerer på frekvensar som menneske-øyret ikkje oppfattar, seier fuglekjennaren Eddie Chapman.

Fredag kveld vart han tildelt Voss kommune sin miljøvernpris for 2002. Prisen er eit grafisk arbeid av kunstnaren Kristian Finborud.

Engelskmannen Eddie har vore busett i Noreg i 29 år, dei 26 siste i Skulestadmo på Voss. Interessa for fuglar vart vekt i åtteårsalderen. Han fann ut at den framande fuglen i hagen var ein grønfink. Eddie var hekta på fugl.

Interessa er kanskje størst for vadarar og andre våtmarksfuglar, men alle på Voss, med vidt omland, spør Eddie dersom dei lurer på noko om fugl. All slags fugl. Han skriv fast spalte i lokalavisa, og legg inn informasjon i internasjonale databasar som har internett-tilgang. Kunnskapen hans vert nytta i kommunal arealplanlegging. Han er guide, gir gode råd, og hjelper folk med å ta seg av skadde fuglar. Nett no er han oppteken av at kvitryggspett og åkerrikse er i ferd med å bli borte frå den lokale faunaen.

— Ein verdig vinnar, sa leiaren av det kommunale miljø- og kulturutval, Kristian Østrem.

Prisvinnaren sa seg lei for at miljøvern ikkje er satsingsområde for tida. Eine kommunen etter den andre seier opp miljøvernleiarane sine, grunna dårleg kommuneøkonomi.

Det er trettande året Voss delar ut miljøvernpris, årleg sidan 1989 med unntak av 1996.

<b>Fugleguru:</b> Eddie Chapman (t.h.) er tildelt miljøvernprisen på Voss 2002. Leiar i miljø- og kulturutvalet, Kristian Østrem, overrekte eit grafisk arbeid av kunstnaren Kristian Finborud. (Foto: Arne Hofseth)