Den 37 år gamle jegeren er i Sunnhordland heradsrett dømt til 10.000 kroner i bot for å ha teke med seg ein hjort som han køyrte i hel med bil på Husnes like før jul i fjor.

Den erfarne Kvinnherad-jegeren vedgjekk at han handla ulovleg ved å ta med seg dyret han kolliderte med og seinare avliva. Men han nekta for å ha stått bak tjuvjakta kvinna med mobiltelefonen såg i samme området ein månad seinare.

Heradsretten trudde meir på jegeren enn på kvinna, som høyrte eit skot medan ho snakka i telefonen og deretter oppdaga ein person dra ein hjorteskrott inn i bagasjerommet på ein bil. Kvinna meinte ho kjente att 37-åringen som gjerningsmann, blant anna fordi ho gjekk i paralellklassen hans på skulen. To dagar etter fann politi og viltnemnd 24,2 kilo hjortekjøt heime hos mannen.

Men retten let tvilen koma jegeren til gode fordi det var mørkt den aktuelle kvelden og fordi kvinna var nærsynt og utan briller. Jegeren er ikkje frådømt jaktlisensen, han slepp óg å levera inn sine to jaktrifler.