Du ser dei overalt: Bilførarar som skravlar i veg med mobiltelefonen inntil øyra, samtidig som dei køyrer.

Dette har vore ulovleg her i landet i nøyaktig to år. Dei som vil snakke i telefonen mens dei køyrer bil, må montere eit såkalla hands free-sett på dashbordet. Blir du derimot tatt i å køyra bil med mobiltelefon i handa, kan lovbrotet medføre eit forenkla førelegg på 500 kroner.

Men risikoen for å få bot er svært liten, viser tal som BT har henta inn frå Statens Innkrevingssentral. Særleg hvis du køyrer bil i Sogn og Fjordane.

Ti bøter i Sogn og Fjordane

Berre ein person fekk bot for dette lovbrotet i fjor i det som tidlegare var kalla Sogn politidistrikt. I Fjordane politidistrikt var talet ni bilistar.

— Kvifor det er så få i Sogn, torer eg rett og slett ikkje ha noko formeining om, seier politimeister Kjell Ese ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

— Det kan ha samanheng med at folk i Sogn og Fjordane er meir lovlydige enn andre, utan at eg tør påstå at det er rett. Men det gjeld ikkje andre reglar her enn andre stader, og eg har ikkje gjeve føringar om at vi skal vere lemfeldige med dette i vårt distrikt, seier han til BT.

Mobilbruk har glidd ut

I Hordaland politidistrikt fekk 25 bilistar forenkla førelegg i 2001. For Bergen var talet 37. Samanlagt var dette ein fylkesvis auke på 26 prosent i høve til året før. Likevel er det altfor få, meiner Arvid Ask, leiar for trafikkavsnittet i Hordaland:

— Det er lite i høve til det vi ser rundt oss. Bruk av mobiltelefon i trafikken er ganske utstrakt framleis. Mitt inntrykk er at mobilbruk i trafikken har glidd ut, og tatt seg opp igjen. Det er på tide å be folk om å skjerpe seg!

Då forbodet kom 15. mars, 2000, var det fleire kontrollar langs vegane for å slå ned på pratesjuke bilførarar. Men det er lenge sidan politiet spesifikt jakta på mobilsyndarar i trafikken. I dag skjer dette berre i samband med bilbeltekontrollar.

Fører til ulukker

28 prosent av alle personskadeulykker i Bergen skuldast påkøyring bakfrå. Som regel fordi føraren er ukonsentrert, eller held for kort avstand til bilen framføre. Ask trur at mobilbruk er årsak til ein del av desse ulykkene:

— Heilt klart, sjølv om vi har for dårleg statistikk til å uttale oss om dette.