Det var ein feil på koplinga mellom Florø og Storåsen som førte til at 20 basestasjonar i Ytre Sunnfjord kom ut av drift i dag føremiddag.

I tillegg var to sentralar for fastnett ute. Dette førte til at 133 abonnentar på Flokenes i Askvoll og i Berle i Bremanger var utan telefonlinje i timane det tok å finne og rette feilen.

— Årsaken er truleg ein utstyrsfeil, men dette har vi ikkje fått full tilbakemelding på enno, seier Lars Hauge, informasjonssjef i Telenor Vest til bt.no.