ARNE HOFSETH

Blant vossabøndene som i går kveld var samla til mobilisering for det siste slakteriet i Hordaland, var stemninga ikkje særleg munter på heimvegen. Ingen var i tvil om at administrasjonen i Gilde Vest går inn for at verksemda i Granvin skal leggast ned.

Dette standpunktet hadde administrasjonen også 15. mars. Då sette styret eit utval til å vurdera trongen for alle dei tre nordlegaste slakteria i Gilde Vest, Sandeid i Rogaland, Granvin i Hordaland og Førde i Sunnfjord.

Utvalet sin konklusjon er det lagt lokk på. Administrerande direktør Sigve Sørheim kjende innhaldet då han møtte vossingane i går kveld. Styremedlem Jarle Fjetland, som også deltok på møtet, får formelt beskjed i dag, når styret skal ha synfaring i Granvin og på Sandeid. Anlegget i Førde skal synfarast i samband med styremøtet.

Tillitsvald Eli Dale ved slakteriet i Granvin var med i utvalet, og kjenner tilrådinga, men har fått munnkorg, fortel ho til Bergens Tidende.

Lokal kjøtindustri, dei fleste småskala, er i stor grad basert på spesialleveransar av skore kjøt og heile skrottar frå Granvin-slakteriet. Dei ser svart på nedlegging.

Mange bønder på Voss køyrer slaktedyra sine forbi Granvin, til det private slakteriet i Ølen. Bakgrunnen er ein strid med slakterisamvirke, den gongen Vestlandske Salslag, som går heilt attende til 1950-talet. VS bygde i Granvin for å ta marknadsdelar frå tre private slakteri på Voss, som no er nedlagde. I dag står krigen mellom Gilde og dei private i Nord-Rogaland og i Fjordane. Difor er Granvin utsett. Dessutan er Granvin minst, og står laglegast til for hogg når nedgangen i slaktemengda på Vestlandet no går gradvis.