BKK har planar om å byggja ein nærare 40 kilometer lang kraftleidning mellom Mongstad og Kollsnes. Leidningen kjem til å gå — delvis i sjø og delvis på land - gjennom dei fire kommunane Lindås, Austrheim, Radøy og Øygarden.

Om planane ikkje møter for mykje motbør, kan arbeidet ta til i siste halvdel av 2008 eller 2009.

Så spørst det om tidsplanen held, for ikkje uventa vekkjer kraftleidningen reaksjonar.

Konstruktivt folkemøte

I går kveld var det folkemøte på Radøy om saka, med godt oppmøte og stort engasjement.

Meldinga til BKK var klar frå folket: Ingen kabel i luftlinje over Radøy. Det må bli sjøkabel eller sjøkabel kombinert med jordkabel.

Med den vellukka luftlineaksjonen i Hardanger friskt i minne, er raderingane no i ferd med å mobilisera. Øyfolket vil ha sjøkabel, og det krev òg Naturvernforbundet Hordaland.

— Ikkje er det bra for helsa, og leidningen vert skjemmande for naturen, seier Martin Soltveit, leiar i Radøy bondelag. Han får støtte frå ordførar Olav Steinar Namtvedt. Radøy-ordføraren seier til BT at kommunen ønskjer å få alle konsekvensar av ei eventuell utbygging på bordet.

— I vårt landskap vil ei luftline ruva veldig, seier ordføraren.

BKK var nøgd med oppslutninga på møtet.

— For oss er det viktig med tilbakemeldingar frå bebuarane i dei aktuelle områda, seier informasjonssjef i BKK, Juliet Balgobin.

Ho understrekar at det ennå er tidleg i prosessen, og at det viktigaste no er å innhenta fakta og innspel frå dei involverte før BKK tar neste steg. I dag blir det folkemøte i Lindås og Austrheim.

Kjem bit for bit

Naturvernforbundet Hordaland har rasla med sablane heilt sidan planane vart kjende. Leiar John Martin Jacobsen meiner ekstrarekninga for full sjøkabling bør sendast til Statoil. Aktiviteten på Trollfeltet sluker store mengder straum, og Naturvernforbundet meiner det er feil å senda rekninga for kraftframføringa til BKK-abonnentane. Jacobsen er elles kritisk til at kraftleidningen ikkje vart behandla i samband med det planlagde gasskraftverket på Mongstad.

— Då kunne kommunane sett det totale naturinngrepet gasskraftverket fører med seg i staden for at det kjem bit for bit slik som no