— Her må pengane koma på neste årsbudsjett, så det blir litt fart i arbeidet, seier bystyremedlem Arne Jakobsen (Ap).

Samferdsleveteranen i Bergen klatrar demonstrativt opp på stabelen med tusenvis av betongsviller som skal erstatta tresvillene når eit jernbanespor inne på stasjonen skal flyttast. Svillene er tidlegare brukt på høgfjellet, men gjenbruk er Jakobsen for.

Melder spørsmål

Jakobsen har meldt eit spørsmål til møtet i Komite for miljø og byutvikling i morgon. Han spør om byrådet vil intensivera verksemda si for å få større løyvingar til jernbane vest for Langfjella. Han vil også vita om byrådet vil innby opposisjonspartia til å delta i slik verksemd.

— Dette er så viktige saker for Bergen kommune og Hordaland fylke at kommunen må koordinera innsatsen sin med fylkeskommunen. Bergen kan ikkje lenger vera sin eigen lykkesmed, seier Jakobsen.

Han meiner at oppgradering av Bergensbanen med naudsynte tiltak på strekninga Bergen-Voss, må setjast sterkare i fokus.

— Eg har merka meg byrådet si nokså labre interesse for handlingar som kan føra til løysingar. Andre regionar og større byar tyr til langt større lobbyverksemd for prosjekta sine, kommenterer Jakobsen.

Han er til dømes ikkje imponert over finansbyråden sin entusiasme for Vossebanen.

- Senk skuldrene!

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete tek saka med knusande ro.

— Kva vurderingar som er gjort internt i Jernbaneverket på dette stadiet i budsjettarbeidet, er eg ikkje informert om, seier ho.

Men slike vurderingar er heller ikkje avgjerande.

— Det er eg og den politiske leiinga i departementet som set rammene for budsjettframlegget, og innretninga på det, poengterer statsråden.

— Til alle som har hissa seg opp etter oppslaget i Bergens Tidende i går, har eg eitt råd: senk skuldrene, seier Navarsete.

MÅ LEGGJAST UT: Arne Jakobsen er fortørna over at svillestabelen kan bli liggjande på Bergen stasjon i det uendelege. Når eit påbyrja prosjekt først blir skuva på i tid, veit ein aldri kva tid det kan bli ferdig.