Frå då av slepp Os sentrum plaga med gjennomgangstrafikken til og frå Halhjem.

— Dette vert ein stor dag for oss, og dagen skal vi markera skikkeleg, seier Os-ordførar Terje Søviknes til bt.no.

Det nye veganlegget vil gje ei god innkorting av vegen mellom Bergen og ferjestaden Halhjem på Kyststamvegen, E 39. Veganlegget er 3,2 kilometer langt.

Mobergsbrua er 234 meter lang og Liafjellstunnelen 380 meter. Kostnaden var i utgangspunktet rekna til 235 millioner kroner, men sluttsummen ser ut til å liggja eit par titals millionar kroner under dette.