Programmet starta i 2001 og er ei nasjonal storsatsing. Antimobbeprogrammet er ein del av regjeringa sin handlingsplan mot kriminalitet hjå barn og unge, og det inngår også i Manifest mot mobbing. Initiativet er finansiert av departementet.

Det siste resultatet frå programmet er basert på ei undersøking i 39 barneskular spreidd over store delar av landet. 4200 elevar har svart på eit spørjeskjema med 39 spørsmål to gongar, i mai 2002 og i mai 2003.

Våren 2003 hadde skulane arbeidd med tiltak som Olweus-programmet legg opp til, i åtte månader.

8,4 prosent føler seg mobba

Resultata viser ein nedgang frå 13,9 til 8,4 prosent i talet på elevar som føler seg mobba. Ein reduksjon på 40 prosent. Samstundes er det ein nedgang i elevar som rapporterer at dei mobbar andre, frå 6,9 til 3,5 prosent. Dette er ein reduksjon på om lag 50 prosent.

— Dette er den fjerde store undersøkinga vi har gjort i løpet av dei seks siste åra. Gjentekne gongar har vi fått ein reduksjon i omtrent dette omfanget, seier professor Dan Olweus om tryggleiken i målinga. Han er tilsett på HEMIL-senteret ved UiB, og leiar antimobbeprogrammet.

Til no har 380 skular frå heile landet vore med i prosjektet. Det er vel ti prosent av grunnskulane i landet. 56 av skulane er i Hordaland. 120 instruktørar er utdanna eller er i utdanning. Desse arbeider så med rettleiing i opp til fem skular kvar.

— I første omgang har ein tenkt seg ei satsing på fem år, det vil seie ut 2005. Då skal heile prosjektet bli evaluert, seier Olweus.

Verst i ungdomsskulen

Mobbeprofessoren håpar at programmet etter kvart kan bli brukt i store delar av det norske skulesystemet.

— Viss alle grunnskulane i landet brukte tiltaksprogrammet på ein god måte, ville talet på mobbeoffer truleg bli redusert frå 75.000 til 35.000-40.000. Det er framleis for mange, men dette tar tid, meiner Olweus. Han seier at den største utfordringa vidare er i ungdomsskulen. Det er vanskelegare å få til gode resultat på dette trinnet.

Olweus er sjølv veldig fornøgd med resultata.

— Dette er veldig bra, også i internasjonal målestokk. Så langt er vårt program det einaste i Norge som kan dokumentere ein klar reduksjon, hevdar han.

I Olweus-programmet inngår blant anna ei rettleiing som blir formidla til lærarane i skulane og vidare til elevane i klasserommet. Det vert oppretta klassereglar mot mobbing som blir følgde opp i regelmessige klassemøte og i rollespel. Inspeksjonssystemet blir gjennomgått. Ein tek opp temaet på foreldremøte, ein kursar personalet og skipar til pedagogiske samtalegrupper blant lærarane på skulen.

<b>NØGDE MED ANTIMOBBEKAMPANJE:</b> Stine Breisnes, Ove Henrik Drangsvoll, Ingrid Bjorøy og Tina Charlotte Algerøy ved Ågotnes skule meiener Olweus-programmet er sunt for miljøet ved skulen.<p/>Foto: Gidkse Stark