Dei levande reklameplakatane beiter og hjortar på garden til Ivar L. Løne, og held seg såpass nær vegen at forbifarande ikkje kan unngå å sjå dei. Driv ein i reklamebransjen, så får ein sanneleg visa seg fram.

Ivar L. Løne hadde funne nisje i landbruket lenge før Lars Sponheim vart landbruksminister tok til å masa om nisjeproduksjon som alternativ til volumproduksjon av kjøt, mjøl og ost. Med si eineståande Reodor Felgen-maskin for smalahovesviing, oppfunnen av Leif Gjerme, har han feid Gilde og alle andre konkurrentar av banen, og står som den klare smalahovekongen.

No har han altså funne ei ny nisje; reklamekyr. Dei reklamerer for klesmerket som kompisen, tidlegare kulekøyrar på freestyle-ski, Hans Engelsen Eide, importerer.

— Har du og Hans funne på dette under "oppskåka" av ferskt, heimebrygga øl?

— Nei, oppskåka skal vi ha i kveld, seier smalahovekongen med det breie smilet.

Han har tru på at dette kan bli attåtnæring for fleire bønder, og ser mellom andre Tine som potensiell kunde.