— Som bonde hadde eg sett stor pris på om dei to statsrådane hadde vore så ærlege som mogleg om kva framtid vi har når WTO-avtalen er på plass. Dei veit veldig godt kor kutta i jordbruksstøtta vil koma. Eg tykkjer beint fram at dei har gått nokså langt i å gje oss bønder falske voner om framtida.

Sveinung Valle (47) følgjer nøye med i dragkampen i WTO. Som tidlegare statssekretær i Landbruksdepartementet då Bjarne Håkon Hanssen heldt styr på både pølser og pinnekjøt har han stadig ei rolle som rådgjevar for landbrukspolitikarane i Arbeidarpartiet.

Så får det heller vera, meiner han, at ikkje alle i bondelaget set like stor pris på det han ber til torgs om jordbrukspolitikken. Han er fri og frank, den tidlegare leiaren i Hordaland Bondelag.

Han meiner t.d. at Noreg har meir å gå på enn tilbodet om å kutta jordbruksstøtta med 5 milliardar kroner.

Tru på julenissen?

Valle heng ikkje med hovudet og ottast framtida. Slik sett går han mot straumen. Som vestlandsbonde med femten mjølkekyr reknar han med å greia seg på eit vis også i åra som kjem. Ja, ikkje minst dei som driv med mjølkeproduksjon vil ha ein sjanse, for her er sysselsetjinga god - og like viktig: minkar mjølkeproduksjonen, vert kulturlandskapet svekt. Beiting med ku og sau er beste boteråd mot attgroing.

— Det er drygt å så tvil om kor ærlege statsrådane er?

— Dei har lova «full kompensasjon» til bøndene, utan omsyn til kor god eller dårleg ein WTO-avtale blir. Det er det eg reagerer på. Det er på tide at vi får signal om kva støtte vi kan rekna med, og det har vi ikkje fått. Førebels har dei gitt falske voner til bønder som vågar å investera i nye maskiner og nytt utstyr til fleire millionar kroner.

Det er som å tru på julenissen når ein innbiller seg at det ikkje vert merkbare strukturendringar for bøndene! Nei, dette held ikkje vatn, for eg er overtydd om at det vert umogleg å kompensera inntektstapet med eit nytt WTO-regime, held Valle fram.

- Fanden på veggen

Han seier i samtale med Bergens Tidende at han ikkje ser nokon skilnad mellom denne og den førre regjeringa i haldninga til WTO. På dette området set han likskapsteikn mellom Lars Sponheim og Terje Riis-Johansen.

— Det verkar som om vestlandsbøndene er svært pessimistiske med tanke på å greia seg?

— Organisasjonane har dessverre malt fanden på veggen altfor lenge. Tidlegare var det GATT som utgjorde trugsmålet. Det viste seg å vera grunnlaus frykt. Ein skal vera varsam med å ropa ulv så ofte. Sjølv er eg «betinga optimist». Sjølv om tollsatsane vert kutta, og talet på gardsbruk minkar, trur eg til sjuande og sist at norske forbrukarar har så stor tiltru til norskprodusert mat at dei vil betala litt ekstra.

Dessutan har vi bønder nokre viktige gode som gjer at vi held ut. Vi har ein «fridom» i vårt daglege liv som ikkje lønstakarar har. Derfor har eg og god von om at eit av borna vil ta over og driva garden vidare når den tid kjem, seier Sveinung Valle.

MJØLKEBONDE: Med femten mjølkekyr og ein del kviger reknar Sveinung Valle med å ha ein brukbar leveveg også i åra som kjem, kva WTO enn finn på. ¿ Organisasjonane har dessverremalt fanden på veggen altfor lenge, seier lindåsbonden.