Ifølgje bladet Tysnes hadde leidninga falle ned. Deretter hadde mjølkebilen køyrd på kabelen og rive han over.

Uhellet skjedde ved Øvrebygda skule i Fitjar klokka halv seks i dag tidleg. 1366 fastabonnentar i Tysnes og Fitjar har vore utan telefonsamband i heile dag. 567 Telenor-kundar har òg vore utan internett, medan ti basestasjonar for mobilnettet har vore ute av drift.

Klokka 16.20 var feilen retta.

— Alle telefonane skal no verke, sier informasjonssjef Anders Krokan i Telenor.