Oddny Flem (31) har ikkje køyrt mjølkeruta sidan midten av juni. Det er på høg tid. Skuffen i fryseboksen er full.

Vesle Kasper på seks månader har ikkje klart å svelgje unna alt. I sommar har mor pumpa ut eit overskot på fem liter til ein samla verdi av 750 kroner.

— Bøndene må gjerne misunne meg literprisen, men eg kjem ikkje til å seie opp jobben. Det tar fem dagar å pumpe ut ein liter, seier Flem tørt.

For tida er tobarnsmora på Paradis ein av berre tre leverandørar til morsmjølkmottaket på Barneklinikken i Bergen.

— Vi har for få donarar og skulle så gjerne hatt fleire, seier assisterande einingsleiar Kari Tøsdal.

Svingande konjunkturar

Dei dyrebare dropane med viktige antistoff er til for tidleg fødde babyar på Barneklinikken. Mødrene har anten ikkje fått i gang eigen mjølkeproduksjon, eller kan ikkje amme fordi dei er sjuke eller går på medisin. For små, premature magar blir morsmjølkerstatning for sterkt.

— Dei aller minste har som regel alltid behov for donormjølk dei første dagane, opplyser Tøsdal.

Etterspørselen svingar veldig frå veke til veke. I går var det stille og roleg på morsmjølkmottaket. Dei fleste mødrene på Barneklinikken hadde mjølk nok sjølve.

— Men vi må alltid passe på. Situasjonen kan raskt endre seg frå dag til dag.

Også leveransane varierer veldig.

— Ein donor kan ha veldig mykje mjølk ei veke og lite den neste, forklarar Tøsdal.

— Først prioriterer mødrene sitt eige barn, så pumpar dei seg til oss. Dei frys ned mjølka heime, og vi ringjer når vi har behov for meir.

Kvitt blod

Oddny Flem er inspirert av si eiga storesyster på Sunnmøre. Systera vart ganske sjuk, då ho fekk sitt første barn, og i starten måtte babyen få drikke frå morsmjølkmottaket. Etter kvart begynte mamma å levere til mjølkebanken sjølv.

Då veslesystera i Bergen fekk sitt første barn, Mikkel, hadde ho meir enn nok mat og kontakta morsmjølkmottaket.

— Eg syntest det høyrdest kjekt ut å gjere noko fornuftig med all mjølka som blir til overs, seier Flem.

Hompetitten

Ikkje alle som ønskjer å bli donor, kan levere mjølk. Same reglar gjeld i mjølkebanken som i blodbanken. Du må vere frisk, ikkje gå på medisinar, ikkje røykje.

— Morsmjølk blir kalla det kvite blodet. Alt som går i blodet, går også i mjølka, forklarar Tøsdal.

På Barneklinikken tok Flem ein blodprøve for å utelukke virussjukdomar, samt ein mjølkeprøve. Sidan har Flem vore godkjent donor. Mjølka leverer ho personleg på døra til mjølkebanken.

— Ingen hompetitten-hompetatten kjem og hentar, nei!

- Er det av idealisme du leverer morsmjølk?

— På ein måte. Eg får ei kjensle av å gjere noko nyttig, av at eg ikkje berre dassar rundt og bakar cupcakes i permisjonstida.

- Du er rett og slett eit overskotsmenneske?

— Iallfall på mjølkefronten.