— Planane om utvida bruk av skytefeltet må avklarast, seier miljøvernleiar Gunnar Bergo i Voss kommune til Bergens Tidende.

Mjølfjell skytefelt grensar opp mot det området rundt Nærøyfjorden som Regjeringa nyleg søkte UNESCO om plass for på den eksklusive lista. Berre fire norske kulturminne er med til no, deriblant Bryggen i Bergen og bergstaden Røros. Geirangerfjorden og Nærøyfjorden skal representera Vestlandsfjordane på denne lista, dei er eineståande i verdssamanheng, meiner Regjeringa.

Ei eventuell geografisk utviding av skytefeltet austover og nordaustover vil gjera innhogg i UNESCO-området. Men å utvida bombinga frå fly innanfor gjeldande grense, er problematisk i seg sjølv.

To problemområde vart drøfta på eit møte i Bergen før helga: Framtidig gruvedrift etter anortositt (kvit aluminiumshaldig stein) og utvida bruk av skytefeltet.

— Bombing frå fly er eit heilt nytt element som er kome inn i biletet den siste tida, og møtet kom til at dette er ei problemstilling som må avklarast med UNESCO sine ekspertar, seier Bergo.

Han ser heller ikkje bort frå at det kan bli problematisk å få aksept for gruvedrifta hjå den internasjonale ekspertisen.

Då Nærøyfjorden nyleg fekk nasjonalt vern som landskapsområde, vart det gjort unntak for steinuttak i den form som pågår i dag. No vert fjellet i mindre skala uthola innanfrå, og berre små tunnelopningar kjem ut i dagen i Nærøydalen. Det er også gitt aksept på aurlendingane sine multimilliard-planar med utskiping via ein skipstunnel inn i fjellet frå Nærøyfjorden. Men steinbrot i dagen vert ikkje akseptert.

— Sjølv om løysinga er akseptert i ein nasjonal verneplan, er det ikkje sikkert at UNESCO sine ekspertar har same synet, seier Bergo.

På møtet i Bergen deltok målsmenn frå Miljøverndepartementet, Direktoratet for naturvern, dei tre fylkeskommunane Hordaland. Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og dei involverte primærkommunane Nordal, Stranda, Vik, Aurland, Lærdal og Voss. Lærdal er med sidan UNESCO-framlegget også femner om Frønningen-området, ei utviding austover i høve til Nærøyfjorden landskapsvernområde.