• Det er heilt uforståeleg at dei kan nytta seg av bompengar på denne måten. Dei burde fått sparken, seier bilist Torbjørn Torkelsen.

Sjømannen frå Karmøy køyrer kvar veke gjennom Trekantsambandet til familien på Bømlo.

— Det er greitt nok å betala bompengar, men då må dei gå til det dei er meint til, ikkje til latterlege ting som no er komne fram, meiner Torkelsen.

— Det manglar ikkje på negative kommentarar gjennom luka. Men dei går ikkje på oss personleg, seier ei smilande bomvakt ved bomstasjonen på Føyno i Stord kommune. Ho ønskjer ikkje namn og bilete i avisa.

Styremøte før jul

— Det er ganske utruleg at det kan førekoma slikt som denne amerikareisa som er omtalt. Eg trudde alle bompengane våre gjekk med til å betala ned bompengelånet, seier tungtransportsjåfør Atle Frugård. Frugård Transport AS på Stord disponerer fem vogntog og brukar kvar veke fleire tusen kroner på å passera gjennom Trekantsambandet.

Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap (SBT) skal drøfta den krasse revisjonsrapporten frå Vegdirektoratet på eit styremøte 21.desember.

— Me er avhengige av at folk har tillit til selskapet. Det som har kome opp, er ikkje bra for korkje bompengeinnkrevjinga eller selskapet. Samstundes er det beklageleg at selskapa ikkje har fått høve til å gå gjennom dei kritiserte punkta før Vegdirektoratet offentleggjorde internrevisjonen sin. Noko av det har gjerne sine naturlege forklaringar, seier nestleiar i SBT-styret, Stord-ordførar Magne Rommetveit.

Herstads «baby»

Saman med stortingsrepresentant Øyvind Halleraker er SBT-styreleiar Harry Herstad, omtalt i revisjonsrapporten på grunn av vegkongressreise til USA saman med kona for 118.000 kroner, rekna som største pådrivaren for å få etablert Trekantsambandet Stord - Bømlo - Sveio.

Herstad har vore engasjert i prosjektet medan han var rådmann i Stord, i Hordaland fylkeskommune, i Fitjar, direktør i Sunnhordland Kraftlag og i Brann. I dag er han dekan ved Høgskolen Stord/Haugesund.

Han er styreleiar for eit selskap der Hordaland fylke har største aksjeposten, og der dei andre eigarane er Bergen kommune, kommunar i Sunnhordland og Nord-Rogaland, i tillegg til Kristian Eidesviks selskap Caiano AS.

Tre år før tida

Øyvind Halleraker er dagleg leiar i 25 prosent stilling, i tillegg er det to tilsette på kontoret på Bremnes. Lønsutgiftene i fjor var 1,2 millionar kroner. Selskapet utfører oppgåver også for interesselaget Norvegfinans og Fastlandssamband Halsnøy AS. Bro- og tunnelselskapet AS i Bergen står for bompengeinnkrevjinga, det kosta i fjor 6,5 millionar kroner.

SBT tok opp lån for 1036 millionar kroner til Trekantsambandet. I 2003 førte 1,4 millionar bompasseringar til at lånet blei nedbetalt med 54 millionar kroner. God trafikkutvikling saman med gode banklånavtalar kan føra til at lånet er nedbetalt tre år før den opphavlege planen på 15 år.

KRITISK: Torbjørn Torkelsen er blant trafikantar i Trekantsambandet som er oppgitt over det som er kome fram i internrevisjonen av bompengeselskapa. FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR