Høgre, Frp, Sp og folkevalde frå to bygdelister har i eit brev uttrykt skriftleg mistillit til ordføraren.

Brevet er stempla hemmeleg, men skal ifølgje Fjordenes Tidende innehalde hard kritikk av kommunens fremste representant. Ho vert mellom anna skulda for rotete møteleiing, og for å trenere lovleg fatta vedtak.

Berre Ap og ordførarens eige parti, KrF, har ikkje skrive under på brevet. Ingen av dei folkevalde vil kommentere kritikken, men fleire har stadfesta innhaldet i brevet overfor avisa.

Det hemmelegstempla brevet kjem truleg opp som sak på neste kommunestyremøte, men då kjem dørene til å verte stengde.