Politiet klarte aldri å finne ut kven som stod bak tjuveriet frå dei to eldre mennene, men etter å ha fått politiets søkelys mot seg vart saka ei stor påkjenning for kvinna, seier advokat Louis Anda til NRK Fylkesnytt.

Dei 300.000 kronene forsvann sporlaust frå dei to bebuarane ved Gaupne eldresenter i Luster hausten 1998 og våren 1999. Tjuveria vekte stor oppsikt, og politiet etterforska saka og gjorde fleire avhøyr utan å klare å prove kven som stod bak.

Dermed vart sakene lagt vekk, men kvinna som no krev erstatning var ei tid mistenkt. Dette fordi politiet fann gamle pengesetlar heime hjå henne, på same tid som ho arbeidde på eldresenteret. Men setlane viste seg å være samleobjekt, angiveleg med stor affeksjonsverdi for kvinna.