— Eg reagerer med forbanning, seier pelsdyroppdrettar Odd Magne Støyva.

Måndag ettermiddag oppdaga avløysaren hans at det hadde vore innbrot på garden i Gloppen. Kring 500 reveskinn er borte. Med dagens prisar er kvart skinn verdt mellom 1000 og 1200 kroner.

Skinntjuveriet i Nordfjord er det siste av tre på ein månad. Tidlegare er det gjort tilsvarande brekk hos pelsdyroppdrettarar i Hemsedal og på Gol. Også den gongen blei det totalt teke kring 500 skinn.

250 heng att

— Vi meiner skinna vil bli prøvd frakta ut av landet. Innanlands vil det vere uråd å omsetje så store mengder, til det er kontrollen for streng. Hovudteorien er at austeuropearar står bak. Der er det ein marknad, seier politiførstebetjent Torbjørn Sælen ved Gloppen lensmannskontor.

Lukta av rev ligg stramt over gardsbruket ved Byrkjelo. Men med dagens gode skinnprisar er lukta av rev også lukta av pengar. Støyva låser opp døra til løa, same døra som tjuvane braut opp. Døra inn til dei verdfulle reveskinna er alltid låst når dei ikkje arbeider med skinna. I rommet rett bak døra hang dei 500 skinna. To skinn har dei av ein eller annan grunn gått frå.

Men i etasjen over var det lagra 250. Dei fekk tjuvane ikkje med seg. Anten har dei ikkje sett dei, eller så har dei blitt skremde. Eit tredje alternativ er at dei ikkje hadde plass.

Bore dei til vegen

— Dei må ha hatt eit rimeleg stor køyretøy for å få med seg så mange skinn. Vi snakkar nok om ein varebil. Dei må også ha vore fleire om det, trur Støyva.

Ifølgje politiet må tjuvane ha parkert i hovudvegen. Det er så bratt ned til løa at dei neppe kan ha køyrt ned. Tjuvane har difor bore skinna dei 20–30 metrane opp til hovudvegen.

— Vi trur dei har rekognosert og plukka seg ut denne garden. Dei som har utført dette innbrotet må ha visst kva dei gjorde, seier politiførstebetjent Sælen.

Det er også uklart kor tid brotsverket har skjedd. Ifølgje Støyva har han ikkje vore i løa på nesten ti dagar. Men han trur tjuvane har slått til helga 18. og 19. februar. Grunnen er det kom snø rett etter helga, og pelsdyroppdrettaren trur han då ville sett spor i snøen.

Tips om bilar

Politiet sjekka i går ettermiddag ut fleire tips om bilar, men Sælen ville ikkje svare på om dei har fått opplysningar som er meir interessante enn andre.

— Men dette er tips som er gjort for nokre dagar sidan, seier førstebetjenten.

Gloppenpolitiet var i går også i kontakt med kollegaene i Hallingdal om innbrota som blei gjort der.

— Heller ikkje der har dei mange spor å gå etter, opplyser Sælen.

Det er ikkje første gongen politiet etterforskar skinntjuveri i pelsdyrkommunen Gloppen. I 2009 raida tjuvar fire oppdrettarar i kommunen same natta. Ikkje eit einaste skinn kom til rette.

Le eller grine

Dei 500 skinna skulle eigentleg alt vore sende til Oslo Skinnauksjoner for å bli selde på auksjon i Finland. Men skogsarbeid og anna arbeid på garden gjorde at oppdrettaren utsette leveringa.

— Eg har vore heime heile tida. Men eg har jobba til seint på kveld kvar ein dag, og når eg legg hovudet på puta sovnar eg som ein stein. Eg har ikkje høyrt noko.

Tjuvane fekk med seg bortimot ein halv årsproduksjon av skinn. Skinna var forsikra, men kor mykje oppdrettaren får att veit han ikkje. Heile verdien blir det ikkje.

— Det er surt. Eg veit ikkje om eg skal le eller grine, seier Støyva.