Også i Bremanger blir det endringar, men det endelege resultatet ligg ikkje føre før utpå dagen i dag.

– Endringane gjeld rangering av kandidatane innbyrdes i partia, mandatfordelinga mellom partia er uendra, opplyser Hilde Midtbø i Bremanger kommune.

Voss er i same situasjon, men Berly Mjøs Giljarhus ville i går ikkje opplysa om ny rangering støyter ut av kommunestyret nokon som alt har fått bilete av seg i lokalavisa.

Fire kommunar i Hordaland og to i Sogn og Fjordane måtte ta ein ekstra kontroll etter kommunevalet då det vart oppdaga feil på datautstyr kommunane nytta. På landsbasis har rundt 40 kommunar hatt omteljing.

Sund kommune nøgde seg med ein kontroll som viste at utstyret fungerte rett. I Sund, Austrheim og Flora gav omteljinga nokre nye tal, men inga endring på persongalleriet i det nye kommunestyret.

I Odda stod Horne Moe og Vikne likt i røystetal i kampen om Ap sitt tiande og siste mandat. Sidan Horne Moe stod høgare oppe på den opphavlege vallista, vart ho tildelt mandatet, medan Vikne vart kåra til første vararepresentant. Underkjenning av ein «slengar» gjer at dei byter plass.

– Ein veljar som brukte Ap-lista, førte namnet til Solfrid Horne Moe opp i rubrikken for slengjarar, i staden for å setja kryss ved namnet hennar, fortel formannskapssekretær Harald Jordal.

– Men veljaren hadde vel då intensjon om å gje henne ei ekstra røyst?

– Det er all grunn til å tru, men når du brukar den lista kandidaten står på, skal ekstrarøyst markerast med kryss. Den andre rubrikken er for kandidatar på andre lister, seier Jordal.

På Voss blir slike slengjarar godkjende, fortel Mjøs Giljarhus, utan å vera skråsikker på om det er rett tolking. Føresetnaden er at det ikkje er kryss ved namnet i tillegg. Lova tillet berre ei tilleggsrøyst.