I Hordaland og Sogn og Fjordane vart det teke opp 232 dommaravhøyr av mindreårige i fjor, dei aller fleste av dei gjennomført ved Statens Barnehus i Bergen.

I følgje politiadvokat Sissel Kleiven, som hadde ansvaret for "Mathias”-saka, fører svært mange dommaravhøyr av små barn til at saka blir lagt bort. Bergens Tidende har tidlegare skrive om korleis skule— og barnehagetilsette vegrar seg for å melde frå ved mistanke om omsorgssvikt eller overgrep. Men låg terskel for å melde frå har også ein pris.

"Mistanke om overgrep kan føre til at en hel familie kommer i krise og barnet utsettes for store belastninger. Dette gjelder selv om mistankene viser seg å være grunnløse”, står det i årsmeldinga frå Statens Barnehus for 2011.

Dette kan familien til vesle "Mathias” skrive under på. Sjølv om politietterforskinga i deira tilfelle vart avslutta svært raskt, har saka vore ei psykisk påkjenning.

— Vi meiner slett ikkje at barnehagen skal late vere å melde frå om dei opplever at barn ikkje har det bra. Men det kan ikkje vere slik at dei sluttar å samarbeide med foreldra og synsar fritt i slike uromeldingar. Dersom personalet meinte at vår "Mathias” var utsett for overgrep eller omsorgssvikt, så burde dei vel gjeve han ekstra merksemd og omsorg, ikkje berre notere seg ulike episodar i skjul, seier gutens mormor.

Ho etterlyser eit breiare og meir kvalifisert grunnlag for slike uromeldingar som deira barnehage sendte barnevernet om "Mathias”.

På nettsidene sine har Statens Barnehus ei list med råd og reglar for korleis ein skal handtere slike saker. Det blir mellom anna påpeika at barnehagetilsette, lærarar, tilsette i SFO og helsepersonell har meldeplikt, og at dei ikkje skal avvente situasjonen ved mistanke om vald eller overgrep, men omgåande kontakte barnevernet eller politiet. På same tid tilrår Barnehuset også at ein fører logg og noterer ned.