Det er Senterpartiet som meiner det har skjedd feil underoppteljinga. Ifølgje partiet skal åtte av deira representantar ha stemt for atstamvegen på nordsida av Nordfjorden skal gå frå Lote til Hornindal og vidarelangs Kvivsvegen til Volda. Dersom det er rett har 20 stemt for dettealternativet, og ikkje 19 som det blei talt opp til. Det er 39 representantar ifylkestinget i Sogn og Fjordane.

Den eine stemma avgjer dermed om det varfleirtal eller ikkje.

Ifølgje firda.no skal det like etter at fylkestingsseta bleiheva i går ettermiddag ha oppstått diskusjonar om stemmegjeving ifylkestingsgruppa til Sp. Det var utbrytarar i fleire parti, og det blei tekekontakt med desse. Då teikna det seg eit bilete som gav grunnlag for mistankenom feil oppteljing.

Avrøystinga i går synte fleirtal 22 – 17 for det midtrebrualternativet mellom Anda i Gloppen og Lote i Eid, der ferja går i dag. Mendet var to alternativ for kvar vegen skulle gå vidare frå Lote. Først røystafem for at vegen skulle gå nordover gjennom Stigedalen, deretter stemde 19 forat vegen skal gå til Hornindal.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har no sett i gangundersøkingar for å finne ut om det kan ha skjedd feil under oppteljinga.