I fjor innførte byrådet nye retningslinjer, som gjorde det vanskelegare å skaffe seg støttekontakt for utviklingshemma som bur i bufellesskap.

Ein av dei som fekk kjenne på endringane var Bendik Skauge, som flytta inn i bufellesskap for eitt år sida, og mista støttekontakten. Mor Nina Skauge har merka stor forskjell sidan kommunen tok støttekontakten vekk frå sonen.

— Han har måtta avlyse aktivitetar han skulle på fordi dei tilsette ikkje var tilgjengeleg. Han har hatt mindre moglegheit for å gjere sine eigne ting. Det er veldig leit, seier ho.

Betalar frå eigen lommebok

Frå å ha ein personleg støttekontakt som var med sonen på fritidsaktivitetar åtte timar i veka, må mange aktivitetar i dag skje i fellesskap saman med resten av bufellesskapet.

— Det er veldig mange menneske og ting for han å halde seg til. For personar som er utviklingshemma er det viktig å ha ein fast person du er trygg på, seier ho.

Det siste året har ho betalt sonen sin gamle støttekontakt for at han skal få halde oppe kontakten med vedkommande.

- Meir institusjonalisert

Bendik mista støttekontakten same dag som han skulle flytte inn på sameiget.

— Det er ein klar beskjed frå kommunen at dei ikkje vil at personar med utviklingshemmingar i bufellesskap skal ha eigen støttekontakt, seier Skauge.

Også kompisen til Bendik, John-Gunnar Bruknapp, har kjent på livet utan støttekontakt då han flytta på bufellesskap.

— Han blir meir og meir institusjonalisert. Han mister det vi har brukt heile livet på å sosialisere han inn i, og får ikkje den støtta som faktisk trengst, seier Vigdis Bruknapp, som er mor til John-Gunnar.

Får ikkje nok hjelp

Dei to er ikkje åleine. I 2010 hadde 151 utviklingshemma i bufellesskap eigen støttekontakt. I fjor var talet redusert til 82. Byombodet i Bergen er bekymra for utviklinga.

— Fleire brukarar må i større grad tilpasse seg rutinane i bufellesskapet, og det blir ikkje gjort gode nok individuelle tilpassingar, seier rådgjevar Hege Hansen i Byombodet.

— Mange brukarar har gitt tilbakemelding på at dei ikkje får den hjelpa dei treng. Det er i høgste grad urovekkjande om brukarane ikkje sjølv får bestemme kva dei skal gjere på i fritida, seier ho.

- Byrådet er eplekjekke

Onsdag blei Byombodet si årsmelding diskutert i bystyret i Bergen. Støttekontaktordninga var eitt av temaa som var oppe.

Oddny Miljeteig, SVs gruppeleiar i bystyret, er ikkje overraska over Byombodets funn.

— Byombodet rapporterer heilt i tråd med det pårørande, organisasjonar og brukarane sjølve har rapportert i fleire år no, seier ho.

I bystyret vart også byrådet si eiga melding om kvalitet på tenesteområdet for utviklingshemma drøfta. Der kjem byrådet til følgjande konklusjon om endringane dei har gjort med ordninga for støttekontaktar:

"Byrådet ser seg tilfreds med at nye retningslinjer på dette området, innført i 2012, bidrar til større grad av likebehandling".

Miljeteig forstår ikkje korleis dei kan trekkja den slutninga.

— Eg vil seia at byrådet der er eplekjekke når dei skriv om støttekontakt, seier ho.

- Har vore for strenge

Hilde Onarheim, helsebyråd i Bergen kommune, seier til bt.no at nedgangen i talet på støttekontaktar heng saman med at dei tilsette i bufellesskap skal gi tilbod om sosial aktivitet til dei utviklingshemma.

Ho seier samtidig at alle som søkjer om støttekontakt skal få vurdert søknaden sin ut frå sine interesser og behov, uavhengig av kvar dei bur og kva sosialt tilbod som finst der.

— Byrådet erkjenner likevel vi nok har vore for strenge i tildelinga til dei som bur i bufellesskap. I arbeidet med budsjettet for 2014 vil byrådet vurdere auka bruk av støttekontaktar, seier Onarheim.