Sjøkabelen er nesten ti kilometer lang og veg 130 tonn.

— Det var nokre dramatiske minutt, og dekket vart evakuert da kabelen rusa ut, fortel dagleg leiar Oddvar Rundereim i Harstad-firmaet Seaworks AS. – Heldigvis kom ingen personar til skade.

To kilometer rusa ut Selskapet er spesialistar med lang erfaring i slike kabeloperasjonar, og har aldri tidlegare opplevd noko liknande.

Sjøkabelen skal knyte det nye BKK-kraftanlegget i Måren i Høyanger til nettet, og skal gå ni kilometer frå Nordeide over til den veglause grenda. Store deler av sjøstrekket går på mellom 1.250 og 1.270 meters djup, og spesialfartøyet C/V «Fjordkabel» starta arbeidet frå Måren ved 18-tida sist fredag.

– Ved 01-tida om natta var våre folk ferdige med det djupe strekket og skulle starte oppturen ved Nordeide. Då svikta den eine av våre to kabelmaskiner, og eit par kilometer kabel rusa rett ut i sjøen, fortel Rundereim.

Ifølgje Rundereim er kabelen trygt festa i startpunktet ved Måren, men ligg altså på nærare 1.300 meters djup i den andre enden som skulle vore kopla på hovudnettet ved Nordeide.

Det skulle vore ein rask jobb på to døgn. No må selskapet bruke denne veka på å planleggje redningsaksjonen, og ingen kan seie kor stor sluttrekninga blir.

Tek ansvaret Ifølgje Rundereim kostar sjølve kabelen < >, men han veit enno lite om kor store meirkostnader uhellet vil føre til. I utgangspunktet skulle heile jobben koste om lag ti millionar kroner.

— Vi veit enno ikkje korleis vi skal gjere dette. No må vi setje oss ned saman med kabelprodusenten Draca og eigaren BKK, og så får vi berre sjå kva som blir løysinga, seier Oddvar Rundereim. – Målet er å løyse dette oppdraget utan for store kostnader og ulemper for vår oppdragsgjevar.

Ifølgje Rundereim har selskapet enno ikkje klart føre seg kva som eksakt gjekk gale på den eine kabelmaskina. Alt utstyr var gjennomtesta og sjekka før arbeidet tok til.

— Men ansvaret er jo vårt. Dette er utruleg kjedeleg for oss, og vi er svært opptekne av å finne ut av dette.

Forseinka kraftverk Seaworks AS har lang erfaring med sjøkabel, og har lagt mykje lenger strekk enn dei 9,1 kilometerane som det her var tale om.

Hjå BKK avventar dei no eit utspel frå Seaworks.

— Vi skal ha eit møte med folka frå Seaworks på onsdag, så får vi sjå, seier prosjektleiar Espen Hammersland i BKK. – Truleg er det store skader på den delen av kabelen som rusa ut. Dette er ein veldig stiv kabel med 87 millimeter tverrsnitt.

Heller ikkje BKK veit i dag den fulle konsekvensen av uhellet, bortsett frå at Måren kraftverk neppe opnar som først planlagt i slutten av april. Anlegget skal produsere 21 GWh i året, eller om lag det 1050 husstandar forbrukar av straum.

Har du en god idé om hvordan sjøkabelen kan berges opp igjen fra dypet? Diskutér saken nedenfor.