– Det er tragisk at mor måtte døy, og far ligg i respirator fordi dei som skulle ha gjort det, ikkje var ute og strødde, seier Skjerdal.

Hendinga har gått hardt inn på dei sju borna i syskenflokken, og familiane deira. Magnar har reist fleire turar til Haukeland. Han registrerer at det går framover med faren, men i bitte små steg. Etter 12 dagar har han framleis ikkje fått kontakt med han. Respiratoren har teke over funksjonen til dei øydelagde lungene bak brotne ribbein, og dialyse erstattar nyrefunksjonen. Han er framleis ikkje utanfor livsfare. Likevel er det von om at han skal koma seg på beina.

Føraren av bilen bak, vart også hardt skadd, men skal no vera ute av koma.

– Det var vondt å fylja mor til grava, og å sjå far liggje slik, medan vegstellet bortforklarer strøinga, seier Skjerdal.

Like godt ustrødd

Det gjer slett ikkje saka betre at vegstellet fekk varsel om det glatte føret frå fleire bilistar kvelden før, om natta, og om morgonen før ulykka. Brua i Flåm var særskilt nemnt. Tretten minutt på to small det, på spegelglatt veg.

– Skal alt ansvaret alltid leggjast på bilføraren, bør vegstellet slutta å strø vegane. Då veit vi at det er glatt, og må halda 20 kilometer i timen på E16, seier han.

Han fortel om stor sympati frå mange hald. Dei som varsla vegsentralen er opprørte. Alle meiner at tiltaka mot glatt veg er for dårlege, berre ikkje dei ansvarlege.

Det provoserer Magnar Skjerdal at distriktsvegsjef Nils Magne Slinde meiner det ikkje skal reagerast på einkvar telefonmelding om glatt veg.

– Det kan så vera på sidevegar, men dette er trass alt E16 mellom Bergen og Oslo, understrekar han.

Skjerdal er kritisk til at Mesta skal ha gjort jobben sin. Det kan godt henda at det er rett, at Mesta har oppfylt kontrakten dei har om vintervedlikehald, men då er det i tilfelle noko gale med kontrakten.

Også ved bussulykka i Trøndelag nyleg «frikjende» vegstellet Mesta. Dei hadde registrert at det var glatt, og strøbil var på veg, men roden for lang til at det var strødd der bussen sklei utfor.

Friksjonsmåling

Distriktsvegsjefen opplyser til Sogn Avis at eitt varsel om glatt veg er loggført, og at Mesta var ute for å vurdera friksjonen på vegbana.

Dei kom til at det ikkje var turvande å strø. Det var kaldt, og vegen var tørr.

Vurderingane vart gjort via klimastasjonen ved Langhuso (mellom Gudvangatunnelen og Flengjatunnelen), i Aurlandsenden av Lærdalstunnelen og i Vassbygdi (på riksveg 50 Aurland – Hol).

Strekninga mellom Aurland og Flåm, der det var varsla om glatt veg, vart såleis ikkje sjekka. Heller ikkje ulykkesbrua, som var nemnd særskilt.

Magnar Skjerdal er oppgitt over at det ikkje vart reagert på meldinga om glatt bru. Her er det ofte glattare enn andre stader. Kulden går rett gjennom betongen, og fukt frå Flåmselvi under brua frys til is.

– Foreldra mine og dei som kom i bilen bak, var heilt uskuldige ofre i denne unødige ulykka. Dei kom køyrande ut av Fretheimstunnelen og ut på brua då den siste av tre vogntog fekk sleng på traileren, som kom mot dei. Rekkverket på brua gjorde at dei ikkje kunne svinga ut av vegen, om dei hadde hatt tid til det, seier Skjerdal.