26.000 liter olje var i ferd med å leka ut i fjæresteinane på Bømlo etter at ein lastebåt mista ein større oljetank på havet. Forureiningsfaren i dei fiskerike områda ved Lyklingholmane og Hiskjo var stor, og Bømlo brannvesen og eit bergingsselskap fekk ein vanskeleg jobb med å fjerna tanken.

Den havarerte tanken blei oppdaga i ei bukt på Nordre Lyklingholmen 23.mai i fjor. I ettertid måtte Kystverket gjennom eit større detektivarbeid for å oppspora ansvarlege reiarlag og selskap. Målet er å få erstatta eit oppryddingsarbeid som kosta over 150.000 kroner.

Storm på julafta

Bømlo brannvesen rykte først ut til den lekke tankkonteineren. Det ytre isolasjonslaget var vaska bort, og tanken bar preg av å ha lege i sjøen lenge. Den einaste merkinga som var intakt var eit slags registreringsmerke og eit nummer på ein plastbit.

AKUTT FARE: Oljetanken som rak i land på Nordre Lyklingholmen på vestsida av Bømlo representerte ifølge Kystverket ein akutt forureiningsfare. Området er blant anna brukt til fiske og oppdrett. Foto: Bømlo brannvesen
RYDDEJOBB: Brannvesen og bergingsselskap brukte to døger på å sikra og fjerna den ille medfarne oljekonteineren full av olje. Foto: Bømlo brannvesen

Etter ei tid greidde Kystverket å finna fram til eigaren, det internasjonale tankleasingselskapet Exsif som hadde leigt ut tanken til hollandske R.M.I. Fraktselskapet var norske NCL, som leigde det tyske lasteskipet «Samba» til jobben. Kystverket har fått stadfesta at «Samba» mista tankkonteineren over bord i ein storm julafta 2012.

Peikar på andre

I slutten av november i fjor sende Kystverket ut varsel til dei fire involverte selskapa om at det blir kravd økonomisk kompensasjon for berging— og ryddeaksjonen ved Lyklingholmane.

R.M.I. svarar gjennom advokatfirmaet Wiersholm at Kystverket bør gå på fraktselskapet og skipseigaren for å få kompensert utgiftene. Advokaten ber elles om at Kystverket dokumenterer at «andre adekvate tiltak» blei vurderte før den aktuelle bergingsaksjonen blei iverksett som den beste.

— Vi er i dialog med partane sine forsikringsselskap, så får vi sjå om nokon betaler. Visst ikkje, kjem vi til å fatta eit refusjonsvedtak. Skulle heller ikkje det føra fram, må vi eventuelt forfølgja kravet, seier Rune Frostvin, rådgjevar i Kystverket.

Ordnar opp sjølv

Frostvin fortel at det ikkje er uvanleg at Kystverket handterer saker der konteinerar hamnar over bord langs norskekysten.

— I fjor hadde vi to slike saker. Som regel pleier reiarane sjølve å ordna opp i tilsvarande tilfelle, seier han.

Bergingsfartøyet som henta oljetanken på Lyklingholmen, skipa han ned til eit oljetransportfirma i Haugesund som tappa den skadde tanken. Bergingsfirmaet har kravd 72.000 kroner for jobben, oljefirmaet 50.000 og Bømlo kommune 30.000 kroner.